Villaksens år

2019 er det internasjonale året for laksen. Både fiskarar og folk som aldri har teke i ein fisk før, er målgruppe for villaksens år.

Villaksen har vore i Noreg sidan sist istid, og har vore ein viktig ressurs for oss menneske som har levd her. Atlantisk villaks er den einaste ville arten av laks i Europa, og vi har rundt ein tredel av den totale populasjonen her i Noreg.

Kvart år er det 60.000 menneske som betaler fiskeravgifta som gir løyve til å drive anadrom laksefiske. 

I villlaksens år vil det vere ei rekkje arrangement over heile landet. 

Fleire offentlege instansar har oppgåver innan fiskeforvaltning, les meir om fylkesmannens oppgåver på dette området

Utsett søknadsfrist

I samband med villaksens år har styresmaktene sett av ekstra midlar til fisketiltak. Søknadsfristen er sett til 15. februar 2019.