Fylkesmennenes fellesadministrasjon

Eit nytt forvaltningsorgan har fått ansvar for styrings-, utviklings- og driftsoppgåver innanfor fylkesmennenes administrative område.

Fylkesmennenes fellesadministrasjon (FMFA) vart etablert 1. januar 2019. Det nye forvaltningsorganet har overteke ansvaret for oppgåver som før vart gjort av fylkesmennene sjølve og til dels også Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Oppgåvene til fellesadministrasjonen er innanfor fagområda økonomi, innkjøp, HR/personalforvaltning, IKT, informasjonstryggleik og dokumentforvalting.

Fellesadministrasjonen leverer altså administrative tenester til alle ti fylkesmannsembeta. I samarbeid med fylkesmennene utviklar og driftar FMFA også digitale tenester til publikum.

Hovudmål og delmål

FMFA er underlagt Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD). Departementet har sett som hovudmål at FMFA skal levere gode administrative tenester som støttar opp under samfunnsoppdraget til fylkesmennene. Det er vidare fastsett to delmål for fellesadministrasjonen:

  • tenestene skal vere kostnadseffektive og tilpassa behovet til brukarane
  • FMFA skal vere ein pådrivar for utvikling av det administrative området

Om lag 220 tilsette har gått frå å vere tilsett i eit fylkesmannsembete til å ha FMFA som arbeidsgjevar. Medarbeidarane har kontorstad samlokalisert med fylkesmannsembeta. FMFA vert leia frå Agder, med Margot Telnes som direktør.