Nytt noregskart for fylkesmennene

Frå nyttår er det ti fylkesmannsembete i Noreg.
Frå nyttår er det ti fylkesmannsembete i Noreg.

Talet på fylkesmannsembete går frå 16 til 10 ved nyttår. Les meir og sjå det nye kartet.

Namn på dei ti embeta blir:

Fylkesmannen i Agder
Fylkesmannen i Aust-Agder og Fylkesmannen i Vest-Agder vart slegne saman 1. januar 2016. Sidan samanslåinga har embetet hatt namnet Fylkesmannen i Aust- og Vest-Agder. Frå 1. januar 2019 blir namnet endra til Fylkesmannen i Agder.

Fylkesmannen i Trøndelag
Fylkesmannen i Sør-Trøndelag og Fylkesmannen i Nord-Trøndelag vart slegne saman 1. januar 2018. Samisk namn for Trøndelag skal vere Trööndelag.

Fylkesmannen i Oslo og Viken
Det samanslåtte fylkesmannsembetet i Oslo og Akershus, Østfold og Buskerud får namnet Fylkesmannen i Oslo og Viken frå 1. januar 2019.

Fylkesmannen i Innlandet
Det samanslåtte fylkesmannsembetet i Oppland og Hedmark får namnet Fylkesmannen i Innlandet frå 1. januar 2019.

Fylkesmannen i Vestfold og Telemark
Det samanslåtte fylkesmannsembetet i Telemark og Vestfold får namnet Fylkesmannen i Vestfold og Telemark frå 1. januar 2019.

Fylkesmannen i Vestland
Det samanslåtte fylkesmannsembetet i Hordaland og Sogn og Fjordane får namnet Fylkesmannen i Vestland frå 1. januar 2019.

Fylkesmannen i Troms og Finnmark
Det samanslåtte fylkesmannsembetet i Troms og Finnmark får namnet Fylkesmannen i Troms og Finnmark frå 1. januar 2019. Dei to samiske namna blir Romsa ja Finnmárku og Tromssa ja Finnmarkku frå same dato.

Fylkesmannen i Rogaland
Embetet held fram som før.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Embetet held fram som før.

Fylkesmannen i Nordland
Embetet held fram som før.

Person og organisasjon

Fylkesmann er både tittelen til ein person og namnet på organisasjonen. Kvar enkelt fylkesmann blir utnemnd av Kongen i statsråd for ein periode på seks år. Perioden kan forlengast éin gong. På denne sida kan du lese kven fylkesmennene er  (personane). Oversikta syner namna som gjeld i dag, og blir oppdatert ved nyttår når fleire embete blir samanslegne.