Godt nytt år!

Noregskart med fylkesmannsinndelinga. Kart: Tone Reinsnos Knutsen, Fylkesmannen
Noregskart med fylkesmannsinndelinga. Kart: Tone Reinsnos Knutsen, Fylkesmannen

Når 2018 går over i 2019, blir talet på fylkemannsembete endra frå 16 til 10. Nokre  embete har fått ny kontaktinformasjon.

Dette er fylkesmannsembeta frå 1. januar 2019:

  • Fylkesmannen i Agder
  • Fylkesmannen i Trøndelag
  • Fylkesmannen i Oslo og Viken
  • Fylkesmannen i Innlandet
  • Fylkesmannen i Vestfold og Telemark
  • Fylkesmannen i Vestland
  • Fylkesmannen i Troms og Finnmark
  • Fylkesmannen i Rogaland
  • Fylkesmannen i Møre og Romsdal
  • Fylkesmannen i Nordland

Ver merksam på at postadresse, besøksadresse og fakturaadresse kan ha endra seg som følgje av samanslåing. Nokre embete har også fått lengre saksbehandlingstid som følgje av omstillingsarbeidet.

Vi takkar for samarbeidet i 2018, og ønskjer alle eit godt nytt år!