Ulovleg gebyr hos fastlege

Fastlegar og legekontor kan ikkje ta ekstra betalt for å sende SMS eller bruke internett i kontakten med deg som pasient. 

Fylkesmannen har mottatt klager på pasientbetaling for kontakt med fastlegekontor ved bruk av SMS eller internett. Helsedirektoratet har tidlegare vurdert denne problemstillinga og det er ikkje lov å pålegge pasientane denne typen ekstra eigenbetaling.

Fastlegane er førstelina og ein viktig bærebjelke i helsetenesta, både for innbyggjarane og for samfunnet. Fastlegeordninga er ein del av den offentlege helsetenesta, og dei økonomiske rammeføresetnadane for fastlegar er fullt ut regulert i lov, forskrift og avtaleverk. 

Berre fastsette eigendelar

Det er ikkje heimel for å krevje pasientbetaling for mottak og/eller behandling av kontakt via SMS/ internett (eller tilsvarande). Det er utan rettsleg betydning om det er behandlar sjølv, eller ein tredjepart som behandlar har inngått avtale med, som tek mot betalinga. Pasientar skal ikkje betale noko anna enn fastsette eigenandelar/ eigenbetaling når dei skal til lege eller andre behandlarar i den offentlege helsetenesta. 

Helsedirektoratet har presisert reglane for pasientbetaling i eige brev til fastlegane i november 2017. 

Fylkesmannen oppmodar om at legar og legekontor som i dag har ein praksis som er i strid med gjeldande regelverk, sluttar å ta ekstra betalt for SMS eller anna kommunikasjon via internett. 

Det er den einskilde kommune som har avtale med fastlegane i eigen kommune, og som difor har ansvaret for å følgje opp fastlegane og fastlegekontora slik at dei ikkje pålegg pasientane gebyr som strir med gjeldande regleverk. 

Pasientar som opplever at det blir kravt ulovlege gebyr kan ta dette opp med fastlegen eller ta kontakt med kommunen der dei bur.