Nytt til barnehage- og skulestart

Det kom endringar i regelverket for både barnehagar og skular frå 1. august.

Utdaningsdirektoratet har laga oversikter over kva som er nytt når til skule- og barnehagestart 2018.

  • Forbod mot nikab og burka for tilsette i barnehagen.
  • I skulen gjeld forbodet mot nikab og burka for elevar, studentar og tilsette.
  • Ny inntektsgrense for gratis kjernetid i barnehagen
  • Ny pedagognorm og bemanningsnorm i barnehagen
  • Reglane om opplysningsplikt til barnevernet er endra
  • Alle fylke skal ha eit eige mobbeombod
  • Ny lærarnorm i grunnskulen
  • Folkehøgskulelova gjeld også for Svalbard
  • Skulen skal tilby intensiv opplæring for elevar på 1. – 4. trinn som står i fare for å henge etter i lesing, skriving eller rekning.

Dette er noko av det som er nytt. Sjå heile oversikta på nettsidene til Udir.