Slutt på barneekteskap i Noreg

Ungdommar mellom 16 og 18 år som har ønskt å gifte seg har tidlegare kunne søkt Fylkesmannen om dispensasjon frå alderskravet i ekteskapslova. Dette er det no slutt på. 

Stortinget har vedteke Prop. 49 L (2017-2018) om at det skal gjelde ei absolutt 18-årsgrense for å kunne inngå ekteskap i Noreg, utan moglegheit for unntak. Endringane i ekteskapslova tek til å gjelde frå 1.juli 2018.

I menyen til høgre finn du informasjonsbrevet frå Barne- og likestillingsdepartementet til fylkesmennene om lovendringa.