Sjekk om eigedomen din er ureina

På nettstaden til Miljødirektoratet kan du sjølv finne ut om eigedomen din er ureina.

Det oppgraderte verktøyet Grunnforurensning har over 6000 oppføringar over heile landet på detaljerte kart.

Verktøyet informerer om grunnureining i Norge, kva som er gjort med område og planar for opprydding. Eigedomane er og lagt inn på søkbare kart. Det er jobba mykje med å skape eit enkelt brukargrensesnitt for brukarar.