Årsrapportar for 2017

Årsrapportane frå alle fylkesmannsembeta er samla i ein eigen portal. No er rapportane for 2017 offentlege. 

Fylkesmennene rapporterer til Kommunal- og moderniseringdepartementet innan 1. mars kvart år. Årsrapportane vert gjort tigjengelege for omverda så snart dei er leverte. Alle årsrapportane for 2017 er samla på styringsportalen for fylkesmennene. nettstaden har funksjonar som gjer det enkelt å samanlikne embeta. Du kan også vise rapportar frå tidlegare år.