Digital post til deg frå oss

Snart sender alle fylkesmennene breva til privatpersonar som digital post. Har du oppretta digital postkasse?

På landsbasis sender det offentlege ut rundt åtte brev per innbyggar i året. Det tilsvarer 40 millionar brev. Å sende desse breva kostar 400 millionar kroner årleg. Dette er pengar som kan brukast til andre viktige ting.

Så langt har fylkesmennene sendt ut brev til privatpersonar som vanleg brevpost, men i 2018 går vi over til å sende breva våre digitalt. 

Kva bør du gjere?

Det er ein stor fordel å ha ein digital postkasse. Om lag 1,8 millionar innbyggarar har oppretta ein slik. Så langt.

Det er ikkje nok å ha ein vanleg e-post-konto. Grunnen til dette er at me ikkje skal senda (person)sensitiv informasjon på denne måten. Med digital postkasse får du ei sikker løysing for å motta og ta vare på viktig post digitalt. I tillegg kjem svaret langt raskare når du slepp å vente på postgangen. Du har to digitale alternativ å velje mellom.

e-Boks eller Digipost

Anten opprettar du ein digital postkasse hos e-Boks eller Postens Digipost. Det er heilt opp til deg. Fordelane for deg er mange:

  • Du mottar posten med ein gong
  • Du har tilgang til posten over alt
  • Du sparer miljøet (mindre papirbruk, færre utskrifter og redusert transportbehov)
  • Både du og me sparer porto på å velje digital post.

Har du alt digital postkasse?

Viss det er lenge sidan du har logga deg inn, er det lurt å gjera det no for å:

  • Kontrollere at kontaktinformasjonen din er rett
  • Tinge varsling på SMS eller e-post når du får brev frå det offentlege

Kan du senda digital meldingar og vedlegg til oss?

Ja. Den sikraste og føretrekte måten du tar kontakt med oss på, er å bruke eit digitalt meldingsskjema, «Send sikker melding».

Du loggar inn via ID-porten, eit felles og sikkert innloggingssystem for offentlege tenester. Fordelen er at du kan sende sensitiv informasjon gjennom denne løysinga. I tillegg handterer systemet store vedlegg.

Separasjon, skilsmisse eller mobbing?

Det er verdt merka seg at det finst digitale løysingar for det meste. Skal du til dømes melde frå om mobbing i skulen? Skal du søka separasjon eller skilsmisse? Det finst eigne digitale skjema for dette. Alle desse skjemaa er samla i ein felles portal. Merk at det finst eigne digitale løysingar som gjeld verjemål.

Får du ikkje brev frå oss på papir?

Jo, det gjer du viss:

Systemet vårt er lagt opp slik at dersom du har digital postkasse, sender me til denne adressa. Har du det ikkje, kjem brevet som vanleg brevpost.

Send melding til Fylkesmannen

I de fleste tilfeller er det ikke nødvendig at du sender dokumenter til oss i papirform. Du kan trygt sende alle typer forespørsler ved hjelp av Melding til Fylkesmannen. Dette er en sikker meldingsløsning som krever innlogging via ID-porten, det vil si at du kan bruke skjemaet til å sende inn sensitive opplysninger. Du kan også laste opp filer som vedlegg til forespørselen din.

Unngå å bruke e-post dersom du skal sende sensitive opplysninger til oss eller andre. E-post er i utgangspunktet ukryptert, som betyr at det kan være mulig for andre å lese innholdet.