Vrakpant på fleire typar køyrety

Gammal campingvogn klar til vraking     Foto: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane
Gammal campingvogn klar til vraking Foto: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

I 2018 får du vrakpant for motorsyklar, mopedar, lastebilar, bubilar og campingvogner. Biloppsamlarar får driftstøtte for å motta desse køyretya.

Køyretyet skal leverast til ein godkjent biloppsamlar på same måten som ved vraking av bilar.

Biloppsamlarar har ikkje plikt til å ta imot dei køyretya det no er innført vrakpant for. Ring difor biloppsamlaren og sjekk på førehand.

Det vert utbetalt følgande beløp ved vraking:

  • Lastebilar: 5000 kroner
  • Mopedar, lette og tunge motorsyklar: 500 kroner
  • Campingvogner og bubilar: 3000 kroner
  • Den ordinære vrakpanten på 3000 kroner for personbilar, varebilar og enkelte andre køyrety vert videreført.

Meir informasjon hos Miljødirektoratet.