Ingen skal mobbast

Regjeringa har lagt fram forslag til endringar i opplæringslova og friskulelova som gjeld elevane sitt skulemiljø. Det skal vere nulltoleranse mot mobbing i skolen.

 

Aktivitetsplan

Lovforslager inneber ei ny aktivitetsplikt til erstatning for den nåverande handlings – og vedtaksplikta. Skulane må også utarbeide ein aktivitetsplan for tilfelle der det etter lova skal setjast inn tiltak.

Klage

Regjeringa foreslår ei ny handhevingsordning til erstatning for klageordninga slik ho er i dag.

Ny rolle for Fylkesmannen

Fylkesmannen skal vere handhevingingsmynde, og Fylkesmannen får også heimel til å ileggje skuleeigar tvangsmulkt for å sikre at vedtaka i handhevingsordninga blir gjennomførte.

Les meir på nettstaden til Kunnskapsdepartementet