Tilsynsaksjon med produsentar av plast- og glasfibervarer

I november gjennomfører Fylkesmannen tilsyn ved produsentar av plast- og glasfibervarer. Tilsyna er del av ein landsomfattande aksjon, og verksemder over heile landet vert kontrollerte.

Avkapp frå produksjon av plastrøyr

Avkapp frå produksjon av plastrøyr

Ønskjer oversikt over miljøutfordringar i bransjen

I plast- og glasfibervarebransjen er det mange ulike aktørar, til dømes produsentar av straummaster, båtar, hyttetoalett, vassrøyr og emballasje. Miljøvernmyndigheitene har relativt liten oversikt over denne bransjen, både når det gjeld kor mange verksemder det er og kva type utslepp dei har.

Målet med aksjonen er å få betre oversikt over bransjen og kva miljøutfordringar den har, at verksemdene får auka kunnskap om miljøregelverket, og sikre lik praksis i regulering av bransjen på tvers av fylka. 

Tema for aksjonen

Aksjonen har desse houvudtemaa: 

  1. Kjemikal/miljøgifter
  2. Avfallshandtering
  3. Utslepp til omgjevnadane
  4. Internkontroll, inkl. miljørisikovurdering og avvikshandtering for ytre miljø

Miljødirektoratet summerer opp resultata frå aksjonen på landsbasis.