Informasjon om norsk barnevern på engelsk

Utlendingar i Noreg treng ikkje frykte norske lover om barnevern. Lovene er meint å sikre både barn og familiar. Fleire offentlege nettstader har informasjon om barnevernet på andre språk enn norsk.

Barnevernlova gjeld for alle barn som oppheld seg i Norge.

Norsk barnevern er dels kommunalt, dels statleg. Kommunen har ansvaret for alle oppgåver som ikkje etter barnevernlova er lagt til statlege organ. Barnevernets hovudoppgåve er å sikre at barn og unge som lever under forhold som kan skade helsa og utviklinga deira, får nødvendig hjelp og omsorg til rett tid. Vidare skal barnevernet medverke til trygge oppvekstvilkår for alle barn og unge. Kommunalt barnevern har heimel til å akuttplassere barn dersom barn er utsett for alvorleg omsorgssvikt, vald eller overgrep. Det er ingen heimel i barnevernlova til å akuttplassere eller omsorgsplassere barn på grunn av religiøs overtyding. 

Fylkesnemnda for barnevern og sosiale saker har mynde til å ta avgjerd i tvangssaker, til dømes saker som gjeld omsorgsovertaking eller tvangsinngrep overfor ungdom med alvorlege åtferdsvanskar. Dei har òg mynde til å avgjere anke over akuttvedtak gjort av kommunal barnevernsteneste. Avgjerder som er tekne av fylkesnemnda, kan bringast inn for domstolane.

Fylkesmannen er klageinstans i saker som gjeld frivillige tiltak, og tilsynsorgan. Føremålet med tilsyn med barnevernet er å bidra til at barnevernstenesta er innretta i samsvar med reglane i barnevernlova. Fylkesmannen kan ikkje føre tilsyn med område som høyrer under ansvarsområde til fylkesnemnda, jf. barnevernlova kapittel 7.

For information in English:

Information from The Ministry of Children, Equality and Social Inclusion (Barne- og likestillings- og inkluderingsdepartementet)

Information from The Norwegian Directorate for Children, Youth and Family Affairs (Barne-, ungdoms- og familieetaten/Bufdir)

Information from The County Governor (Fylkesmannen)