Bruk nødplakaten i påska

Ta med ein nødplakat på hytta i påska, så finn nødetatene raskt fram dersom du skulle trenge hjelp. 

I ein krisesituasjon der det er nødvendig med akutthjelp frå politi, brannvesen eller ambulanse, kan ein nødplakat vere avgjerande for at hjelpa kjem raskt nok fram.

Nødetatane opplever ofte at folk som kontakter dei, ikkje klarer å forklare godt nok kor dei er. Spesielt gjeld det om dei ringjer frå ei hytte.Har du ein nødplakat lett tilgjengeleg på hytta, kan du lett formidle kor redningsmannskapa kan finne deg.I tillegg til å henge ein nødplakat på innsida av hytta, kan det være ein idé å henge ei utskrift også på utsida, slik at forbipasserande kan bruke plakaten til å skaffe hjelp.

Nødplakaten til Kartverket er gratis, og du kan enkelt lage ein nødplakat på Kartverket sine nettsider.