Oppstart av verneplanarbeid i Brønnøy, Bindal og Vefsn - frivillig vern

Fylkesmannen i Nordland melder oppstart av verneplanarbeid for fire skogsområder i Brønnøy, Bindal og Vefsn kommunar.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 10.03.2017

Fylkesmannen melder hermed oppstart av verneplanarbeid for Ursvatnet, Oksbåsen, Eidvatnet og Etterseterbekken i Brønnøy, Bindal og Vefsn. Verneplanarbeidet er innanfor ordninga med frivillig vern av skog. I høgremargen finn de ei utfyllande oppstartsmelding med kart og ei skildring over dei områda som er aktuelle.

Eit verneforslag for kvar av dei forskjellige områda vil bli sendt på høyring når desse er utarbeida. Dersom det er merknader eller innspel til vernearbeidet no, kan desse sendast til Fylkesmannen i Nordland, Moloveien 2, 8002 Bodø eller pr e-post: fmnopost@fylkesmannen.no. Frist for å kome med innspel til oppstartsmeldinga er 21. april 2017.

Dersom det er spørsmål om prosess eller nokre av områda kan du ta kontakt med ein av kontaktpersonane som står i høgremargen.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.