Vergemålseininga vert stengt i romjula

Grunna nedetid i saksbehandlingssystemet, vil ikkje verjemålseininga hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal kunne behandle søknader frå 21. desember til 2. januar.

Fylkesmannen ber om at søknader og saker som ikkje kan vente til januar 2019, vert sendt oss så snart som råd, og gjerne innan 1. desember. Dette gjeld særleg søknader om bruk av kapital.

Vi er tilgjengelege for generell rådgiving på telefon i åpningstida, og postgangen vil også gå som normalt. Fylkesmannen beklager ulempene stenginga medfører.