Kronologisk hugseliste til verje ved oppstart av verjeoppdrag

Dette er ei kronologisk hugseliste for verjer med både personleg og økonomisk mandat. Dersom vedtaket i saka gjev deg berre eit personleg eller berre økonomisk mandat, eller eit avgrensa mandat innanfor dette, kan du sjå vekk frå dei punkt som ligg utanfor ditt mandat i saka.

VED OPPSTART AV EIT OPPDRAG:

Omgåande og innan ei veke etter vedtak er mottatt:

  • Les vedtak og vedlegg nøye, og sett deg godt inn i saka.
    Ved byte av verje: Kontakt tidlegare verje for informasjon og overføring av dokumentasjon.
  • Ta kontakt/besøk verjehavar (evt. saman med pårørande, heimetenesta, primærkontakt) og få innhenta samtykkeerklæring og informasjon om eigedelar og bank. Formålet er presentasjon, skape kontakt og kartleggje behov. Dette skal skje innan 1 veke etter at vedtak er mottatt.

Kva treng personen du skal være verje for hjelp til, har han/ho dei tenester/hjelp han/ho treng, kva er viktig for verjehavar. Forklar korleis du brukar å jobbe i ei sak, er dette greitt for vedkommande?

OBS!! Det er viktig at du som verje besøkjer verjehavar, få underskrift på samtykkeerklæringa og sikrar deg at verjehavar vil ha deg som sitt verje.

Dersom verjehavar ikkje samtykker, skal skriftleg melding sendast til fylkesmannen omgåande via altinn.

Få gjerne til eit møte med verjetrengande og kommune for å få informasjon om kva verjehavar treng hjelp til, forklar gjerne korleis du bruker å jobbe med dine saker som verje, og om verjehavar syns dette er greitt.

 

Dersom det er semje om at du skal være verje skal følgjande gjerast innan ei veke:

  • Logg inn på skatteetaten.no og finn «Melding om ny eller endret postadresse», skjema RF-1454. Klikk på den blå boksen for elektronisk innsending. Om du heller vil sende inn papirskjema finn du det lengre ned på sida for nedlasting. Skjemaet må fyllast ut og sendast elektronisk eller i papirform til Skatteetaten, Postboks 9200 Grønland, 0134 Oslo. Legg ved verjefullmakt og kopi av din legitimasjon som pass eller førarkort til adresseendringa.
  • Etter 3-5 dagar: Kontakt Digitaliseringsdirektoratet, tlf 800 30300, e-post: brukerstotte@digdir.no, send verjefullmakt og be om «nullstilling» for person med verje. Difi sender då nye MinID-kodar til verje.
  • Når nye MinID –kodar kjem i posten; gå inn i NAV eller altinn, registrer ny brukar med dine eigne kontaktopplysningar.
  • Logg inn på altinn ved bruk av Min-ID med verjehavar sitt personnummer og ta ut siste skattemelding.

Hugs: Verje skal ALDRI bruke verjehavar sin bank-ID. Verje bruker alltid Min-ID. Slett verjehavars Bank-ID (kontakt banken), og destruer denne dersom verjehavar ikkje sjølv er i stand til å bruke den (for å hindre misbruk frå andre). Sjå bankid.no for meir informasjon.

  • Send fylkesmannen signert samtykkeerklæring via altinn (samtykke frå verjehavar)
  • Send verjeerklæring til fylkesmannen via altinn (samtykke frå verje, sjekk at alt er utfylt)
  • Kontakt verjehavar sin(e) bank(ar) og legge fram verjefullmakt og få sletta alle gamle avtalar, fullmaktsforhold, kort etc., opprett verjekonto/rekningskonto. Legg inn kontoane i eigen nettbank, og sjå til at du mottek årsoppgåve og kontoutskrifter i nettbanken.
  • Husk å alltid gå inn på: www.norge.no for å reservere mot digital kommunikasjon frå det offentlege. Dette er viktig! https://brukerprofil.difi.no/kontaktinfo-reservation/?locale=nb

Nav sender for eksempel meldingar i meldingsinnboksen til NAV for alle som ikkje har reservert seg mot digital kommunikasjon. Innlogging i innboksen i Mitt-NAV krev eit høgare nivå enn MinID, noko verje ikkje har p.t.

 

Innan dei første 2 vekene:

  • Er det etablert ei ansvarsgruppe? Vurder behov og evt. kall inn aktuelle partar. Oppmøte i ansvarsgruppemøter vert berre dekt når det er dokumentert at det er naudsynt at verje deltek i møte. Verje deltar berre i den delen av møte som ligg innanfor mandatet i saka.
  • Send til NAV Skanning din verjefullmakt slik at NAV registrerer at du er verje.
  • Endre konto for utbetalingar frå NAV om det er behov for dette, og vedkommande samtykker. Sjå skjema på NAV.no og legg ved verjefullmakta.

Dersom du opprettar ny verjekonto og vil at trygda skal gå til denne kontoen, kan verjefullmakt sendes inn som vedlegg til kontoendringsskjema.

  • Send melding til økonomiavdelinga i kommunen om at du er ny verje (samen med kopi av verjefullmakt) og be om å få all post til di adresse. Sørg for at heimeteneste/bustad/institusjon veit at du er ny verje og kva ditt mandat er.
  • Hugs å kontakte apotek, straumleverandør, telefonselskap, forsikring, m.m. med kopi av verjefullmakt og beskjed om å sende rekninga direkte til deg som verje. Legg inn avtalegiro i nettbanken på flest moglege faste utgifter.
  • Snakke med heimeteneste/bustad/institusjon om videresending av post til verjehavar. Meldt adresseendring via posten.
  • Bli einig med pårørande om ansvarsdeling og forklar kva som er verje sitt mandat/oppgåve.
  • Kontakt kreditorar, inkassoselskap, namsmann, omgåande, dersom det er gjeld i saka. Start ein eventuell «ryddejobb» og forhandling. Hugs dokumentasjon på grunnlag for krav.

 

Innan ein månad:

  • Send ferdig utfylt skjema «økonomisk status» med siste skattemelding vedlagt til Fylkesmannen via altinn innan fristen.

Dersom du IKKJE har alle opplysningar om vedkommande sine eigedelar, gjeld og formue, skriv dagens status og at endeleg status vert ettersendt. Hugs å ettersende dette så snart du har fått oversikt.

  • Kontroller at eventuell stønad frå NAV er riktig. Verje må melde endringar til NAV. OBS! Hjelpestønad (endring i grunnlag) og uføretrygd (ved institusjonsopphold)  
  • Søk om kommunale tenester ved behov. Sjekk alle vedtak om ytingar og tenester frå kommunen som er fatte, og at verjehavar får dei timane og tenestene som er fastsett i vedtaket.
  • Sett opp budsjett, avtalt nytt møte med verjehavar og bli einig om budsjett og arbeidsmåte.

 

Godtgjering og utgiftsdekning:

  • Timeliste: Alle verjeoppdrag vert betalt i utgangspunktet etter fast sats, men det kan ytast godtgjering pr. time i starten av ein sak, i arbeidskrevjande saker eller periodar som ved sal av eigedom, m.m.. Verje kan få dekka arbeidet etter fast sats eller timegodtgjering i ein periode.  Eit tips er å føre timeliste over alt som du gjer i oppdraget, frå vedtaket er mottatt. Lista må innehalde dato, tid, og kva som er gjort (f.eks. telefonsamtale, med kven, kva handla samtalen om). Dette er for at du skal ha oversikt om tidsbruk i saka dersom det seinare er aktuelt å søkje om godtgjering etter timesats.
  • Utgiftsdekning: Verje kan ikkje belaste verjehavar for godtgjering eller utgiftsdekning utan eige vedtak frå fylkesmannen.
  • Søknad om godtgjering og utgiftsdekning kan du sende til fylkesmannen via altinn kvartalsvis/halvårleg/årleg, alt etter kva du ynskjer, og ved avslutning av oppdrag. Vedtak frå fylkesmannen om innvilga godtgjering må innhentast før du belastar kontoen. Dette skal alltid trekkast etterskottsvis.

Under verjeoppdraget:

Sett deg inn i kva som er ditt mandat og di oppgåve som verje, samt verjemålslova og forskrifta om kva disposisjonar som krev vedtak frå fylkesmannen.

 

VED AVSLUTNING AV ET OPPDRAG:

Verje sitt mandat tek slutt den dagen verjehavar dør eller når verje får vedtak frå fylkesmannen om endring av verje eller avslutning av verjemål.

 

DØDSFALL

  • Verje informerer fylkesmannen snarast om dødsfallet når du er kjent med dette.
  • Verje med økonomisk mandat sender avsluttande verjereknskap til fylkesmannen innan 1 månad etter dødsfall. Dette skal innehalde skjema «fullstendighetserklæring» og oppdatert «økonomisk status», samt månadlege kontoutskrifter for alle kontoar med forklarande tekst.

Verje vil få brev frå fylkesmannen om kva som skal sendast inn etter at dødsfall er meldt, og dette er registrert i folkeregisteret. Avsluttande rekneskap må sendast elektronisk via altinn.

  • Verje sender krav om uteståande godtgjering for siste perioden som verje. I dei sakene der verjehavar skal betale godtgjøring sjølv, må kravet leggast fram overfor dødsbuet og den som ifølge skifteattest er ansvarlig for det skiftet.

Verjehavar har krav på frådrag for verjegodtgjering i dei sakene verjehavar sjølv har betalt dette. Verje melder beløp for siste skatteår til dødsbuet, jamfør skifteattest.

  • Verjefullmakta må returnerast til fylkesmannen i original utgåve pr post.
  • Melding om dødsfall må sendast aktuelle kreditorar.
  • Rekningar som ein får etter dødsdato skal sendast videre til den som ifølge skifteattest skal stå for skifte etter avdøde. Kontakt skifteretten om dette er ukjent.
  • Kapitalkonto verjemål, som har vore forvalta av fylkesmannen, er likestilt med andre kontoar, og kan no berre disponerast av dødsbuet mot at ein legg fram original skifteattest.

Teieplikt: Verje har teieplikt i sitt oppdrag som verje. Dette gjelder også etter at verjemålet er avslutta.

Dersom pårørande/arvingar har spørsmål om verjehavar sin økonomi og formue, kan verje, med bakgrunn i teieplikta, ikkje gje ut opplysningar eller dokument om dette. Pårørande/arvingar må ta kontakt med skifteretten for rettleiing.

Bilagsplikt og arkivplikt: Verje skal oppbevare bilag og andre dokument i saka i minimum 3 år etter avslutta rekneskapsår.

 

ENDRING AV VERJE

Oppdraget vert avslutta når du får vedtak frå fylkesmannen om at du er fritatt som verje.

  • Logg inn på skatteetaten.no og finn «Melding om ny eller endret postadresse», skjema RF-1454. Klikk på den blå boksen for elektronisk innsending. Om du heller vil sende inn papirskjema finn du det lengre ned på sida for nedlasting. Skjemaet må fyllast ut og sendast elektronisk eller i papirform til Skatteetaten, Postboks 9200 Grønland, 0134 Oslo. Legg ved verjefullmakt og kopi av din legitimasjon som pass eller førarkort til adresseendringa.
  • Etter 3-5 dagar: Kontakt Digitaliseringsdirektoratet, tlf 800 30300, e-post: brukerstotte@digdir.no, send verjefullmakt og be om «nullstilling» for person med verje. Difi sender då nye MinID-kodar til verje.
  • Verje med økonomisk mandat sender avsluttande verjerekneskap til fylkesmannen innan 1 månad etter byte av verje. Dette skal innehalde skjerma «fullstendighetserklæring» og «økonomisk status», og månadlege kontoutskrifter for alle kontoar med forklarande tekst. Regnskapet sendes elektronisk via altinn.
  • Verje sender krav om uteståande godtgjering via altinn for siste perioden som verje. I dei sakene der verjehavar skal betale godtgjeringa, må kravet leggjast fram for ny verje for dekning.

Verjehavar har krav på frådrag for verjegodtgjeringa i dei tilfella verjehavar sjølv har betalt dette. Verje melder beløpets størrelse for siste skatteår til nytt verje.

  • Verjefullmakt returnere til fylkesmannen i original utgåve pr post
  • Gammalt og nytt verje utvekslar naudsynt informasjon og dokumentasjon i saka.
  • Rekningar ein får tilsendt etter vedtaksdato, må sendast nytt verje for betaling. Opplys avsendar om ny verje i saka. Det kan ta litt tid før adresseendring er registrert.
  • Nytt verje kontaktar banken(ane) og endrar disposisjonsrett
  • Nytt verje melder endring av verje til kommunale instansar, bustad, NAV, kreditorar.

Teieplikt: Verje har teieplikt i sitt oppdrag som verje. Dette gjelder også etter at verjemålet er avslutta. Verje kan berre gje opplysninga og dokument til nytt verje som verje finn det naudsynt at nytt verje får tilgang til, og som verjehavar er einig i at nytt verje får.

Arkivplikt og bilagsplikt: Verje skal ta hand om bilag og andre dokument i saka i minimum 3 år etter avslutta rekneskapsår, også når ein ikkje lenger er verje.

 

ANNA AVSLUTNING ENN DØDSFALL

Oppdraget vert avslutta når du får vedtak frå fylkesmannen om at du er løyst frå oppdraget som verje og verjemålet er avslutta.

For at personen sjølv skal få skattemelding/post/Min-ID-kodar og anna frå det offentleg i framtida, lyt du gjere følgande:

  • Logg inn på skatteetaten.no og finn «Melding om ny eller endret postadresse», skjema RF-1454. Klikk på den blå boksen for elektronisk innsending. Om du heller vil sende inn papirskjema finn du det lengre ned på sida for nedlasting. Skjemaet må fyllast ut og sendast elektronisk eller i papirform til Skatteetaten, Postboks 9200 Grønland, 0134 Oslo. Legg ved verjefullmakt og kopi av din legitimasjon som pass eller førarkort til adresseendringa.
  • Legg ved vedtak om avslutning av verjemål.
  • Etter 3-5 dagar: Kontakt Digitaliseringsdirektoratet, tlf 800 30300, e-post: brukerstotte@digdir.no, send verjefullmakt og be om «nullstilling» for person med verje. Difi sender då nye MinID-kodar til vedkommande på den adresse du la inn i skjema RF-1454 / RF-1306.
  • Verje med økonomisk mandat sender avsluttande verjerekneskap til fylkesmannen innan 1 månad etter dødsfall. Dette skal innehalde skjema fullstendigheitserklæring og økonomisk status, samt månadlege kontoutskrifter for alle kontoar med forklarande tekst.
    Rekneskapen sendast elektronisk via altinn.
  • Verje sender krav om godtgjering for siste perioden som verje. I dei sakene der verjehavar skal betale godtgjeringa, må vedtaket frå fylkesmannen sendast til verjehaver for betaling. Verjehavar har krav på frådrag i skattemelding for verjegodtgjering i dei sakene der verjehavar sjølv har betalt dette. Verje opplyser størrelsen på godtgjeringa for siste skatteår til verjehavar
  • Verjefullmakt returnerast til fylkesmannen i original utgåve pr post.
  • Melding om ny adresse (vedkommande si bustadadresse) må sendast til kreditorar, kommunale etatar, bustad, andre aktuelle instansar.
  • Kontakt banken, informer om at du ikkje er verje lenger, og at verjemålet er avslutta, og få slettet dine tilgangar og disposisjonsrettar.
  • Rekningar som verje mottek etter avslutning av verjemålet skal sendast til verjehavar.

Teieplikt: Verje har teieplikt i sitt oppdrag som verje. Dette gjelder også etter at verjemålet er avslutta. Verje kan berre gje opplysningar til verjehavar sjølv.

Arkivplikt og bilagsplikt:
Verje skal ta hand om bilag og andre dokumenter i saka i minimum 3 år etter avslutta rekneskapsår. Verjehavar får dei dokument som verje finn det naudsynt at verjehavar har sjølv, eller som vedkommande ynskjer å få tilgong til.