Vi treng fleire verjer!

Fylkesmannen treng fleire samfunnsengasjerte personar som kan stille som verje for barn og vaksne.

Stort behov

Akkurat no er det stort behov for fleire verjer i desse kommunane:

Nordmøre

  • Aure
  • Smøla

Romsdal

  • Rauma
  • Vestnes

Sunnmøre

  • Stranda
  • Sykkylven
  • Ålesund

Kva vil det seie å vere verje

Å vere verje er å gje personar med hjelpebehov den hjelp dei måtte trenge innanfor områder av personleg og/eller økonomisk art.

Informasjon

Meir informasjon om det å vere verje finn du under menypunktet verjemål, eller på verjemålsportalen - www.vergemal.no.

Eg kan tenke meg å bli verje 

Registrer deg i søknadskjemaet, og vi vil ta kontakt med deg.