Verjemål

Ei verje sikrar interessene til ein person som anten er mindreårig, eller som har fått oppnemnt verje. Ein person som treng hjelp til å sikre sine eigne interesser, kan få verje både på det økonomiske og det personlege området.

Det å få verje vil seie at du får hjelp til gjeremål du ikkje greier sjølv, slik at du kan fungere på lik linje med andre i samfunnet. Eit verjemål skal vere tilpassa behova du har, og det skal ikkje vere meir omfattande enn det som er nødvendig. Vanleg verjemål er frivillig, og du bestemmer sjølv om du vil ha verje eller ikkje. 

Fylkesmannen vart lokal verjemålsmynde frå 1. juli 2013, og er førsteinstans på verjemålsområdet. På landsbasis forvaltar fylkesmannen rundt 72 000 verjemål og finansielle midlar til ein verdi av over 19 milliardar kroner. 

Klagerett

Du kan klage på eit vedtak om oppretting av verjemål. Dei som har rett til å klage er vedkommande som er sett under verjemål, verja, den som har sett fram kravet om verjemål eller personens ektefelle/sambuar, næraste livsarving og søsken. For andre vedtak enn oppretting av verjemål er det vanlig klagerett etter reglane i forvaltningslova. Klagefristen er tre veker frå du mottok vedtaket. Du skal sende klagen til Fylkesmannen. Fylkesmannen kan omgjere vedtaket, eller sende klagen vidare til Statens sivilrettsforvaltning, som er tilsynsmynde og klageinstans for vedtak gjort av Fylkesmannen.

Vis meir


15.11.2019

Kva er verjemål?

Verjemål er ei frivillig ordning for alle som treng hjelp, og som fell inn under vilkåra i verjemålslova.  Fylkesmannen i Møre og Romsdal har laga ein video der vi fortel litt verjemål, kva verjemål er og kven som kan søkje om dette.   Har du spørsmål om verjemål etter at du har sett filmen, ta kontakt med ein av oss på verjemålsavdelinga og vi hjelper deg så gjerne.

04.11.2019

Legalfullmakt

Nærståande har etter reglane i vergemålslova § 94 rett til å representere et familiemedlem som på grunn av sinnslidelse, herunder demens, eller alvorlig svekket helbred, ikkje lengre er i stand til å ivareta sine økonomiske interesser.

22.10.2019

Øvre aldersgrense for faste verjer

Vi får stadig førespurnadar om det er sett ei øvre aldersgrense for å vere fast verje.

19.08.2019

Vi treng fleire verjer!

Fylkesmannen treng fleire samfunnsengasjerte personar som kan stille som verje for barn og vaksne.

05.07.2019

Verje si rolle ved sal av bustad/eigedom

Skal du selje bustad/eigedom for den du er verje for? Vi har no lage ei sjekkliste for deg.

19.06.2019

"Mine vergemål" 2.0 er lansert

Fylkesmannen i Møre og Romsdal vil med dette informere om følgande beskjed frå Statens sivilrettsforvaltning knytt til «Mine vergemål»:

11.06.2019

Kronologisk hugseliste til verje ved oppstart av verjeoppdrag

Dette er ei kronologisk hugseliste for verjer med både personleg og økonomisk mandat. Dersom vedtaket i saka gjev deg berre eit personleg eller berre økonomisk mandat, eller eit avgrensa mandat innanfor dette, kan du sjå vekk frå dei punkt som ligg utanfor ditt mandat i saka.

16.05.2019

Nedetid "Mine vergemål" og ny versjon

Fylkesmannen i Møre og Romsdal vil med dette informere om følgande beskjed fra Statens sivilrettsforvaltning knytt til «Mine vergemål»:

02.05.2019

Informasjon om tilgang til skattemelding

Dersom du ikkje har tilgang til Skattemeldinga for den/dei du er verje for, er det lagt til rette for at dette kan gjerast på følgjande måte:

11.03.2019

Purring på innsending til fylkesmannen

Fylkesmannen ser at vi må bruke svært mykje tid og ressursar på å purre på økonomiske statusar/vergeerklæringar/skattemeldingar o.l. som det blir bedt om frå verje i vedtak om oppretting av verjemål eller i brev om avslutning om verjemål.

Fleire nyhende


Kva er verjemål?

Kontakt oss

Du kan nå verjemålsgruppa via sentralbordet på tlf. 71 25 84 00.

Dersom du veit kven du skal snakke med, kan du ta direkte kontakt.

Finn ansatte

 

Send sikker melding til Fylkesmannen
Sikker melding er ei teneste for å sende personsensitiv informasjon på ei kryptert sikker løysing via Altinn