Kommunalt kompetanse- og innovasjonstilskot 2019

Kommunalt kompetanse- og innovasjonstilskot er midlar som skal bidra til at kommuunane sett i verk kompetansehevande tiltak og innovasjon- og utviklingsarbeid ut i frå lokale føresetnadar og behov.

Mål for ordninga:

Målett er å styrke kommunane sine evner og mogelegheiter til å utvikle berekraftige og gode helse- og omsorgstenester, og gje tydeleg prioritet til nokre av dei viktigaste framtidsutfordringane kommunane står overfor på helse- og omsorgsfeltet. 

Delmål:

  • Auka kompetanse for å utvikle god praksis og sikre gode tenester tilpassa den enkelte sine behov
  • Sterkare brukarmedverknad og betre samspel med pårørande, frivillige og lokalsamfunn
  • Førebygge og utsette behov for kompanserande tenester og bidra til at brukarane opprettheld og gjenvinn sin funksjonsevne og sjølvstendigheit
  • Styrke leiarkompetanse, fagutvikling, større fagleg bredde og tilstrekkeleg kompetent og stabil bemanning

I tråd med krav i Forskrift om kvalitet og ledelse skal kommunens leiing bl.a. vurdere behov for kompetanse blant tilsette for å kunne løyse oppgåvene i tenesta. Kommunen bes sende kompetanseplan knytt til søknad om kompetansetiltak i kommunalt kompetanse- og innovasjonstilskot. 

Kommunar med oppdatert kompetanseplan i søknaden vil bli prioritert.

Søknadsfrist:
15.03.2019 23:59:00
Målgruppe:
Primærmålgruppe: Leiarar, tilsette og personar som rekruterast til å arbeide i helse- og omsorgstenesta. For kompetansetiltak innan psykisk helse og rusområda kan tilsette i andre kommunale og fylkeskommunale etatar vere målgruppe
Ansvarleg:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal
Kven kan søkje:
Kommunar, Fylkeskommunar
Rapporteringsfrist:
01.03.2019 23:59:00