Tilskot til drift av taubane, hest o.a.
- Søknadsfrist:
- Løpande
- Målgruppe:
- Skogeigarar
- Ansvarleg:
- Åsmund Asper
- Kven kan søke:
- Skogeigarar med meir enn 10 daa skog
Formålet med tilskot til nærings- og miljøtiltak i skogbruket er å stimulere til auka verdiskaping i skogbruket, ut frå regionale og lokale prioriteringar. Driftstilskot er eit stimuli for drift av tømmer i bratte lier eller areal langt frå veg
Fylkesmannen utarbeider saman med ei referansegruppe årleg retningsliner for driftstilskot, og prioriterer søknader etter desse føringane.
Det kan gjevast tilskot til:
- Taubanedrift
- Manuell felling til hogstmaskin i bratt terreng
- Lang transport (> 1,5 km), der vegbygging ikkje er lønsamt
- Treslagsskifte
Skogeigar fyller i samråd med skogbrukksjef ut søknad om førehandsløyve av tilskot til drift, og kommunen gjer ei vurdering av tiltaket etter Naturmangfaldova § 8-12, som skal liggje ved søknad til Fylkesmannen.
Skogbrukssjefen kontrollerer gjennomført tiltak, før skjema om utbetaling av tilskot blir sendt Fylkesmannen.
Søknader kan sendast inn fortløpande, men seinast 10. november i driftsåret.
- Søknadsfrist:
- Løpande
- Målgruppe:
- Skogeigarar
- Ansvarleg:
- Åsmund Asper
- Kven kan søke:
- Skogeigarar med meir enn 10 daa skog