Tilskot til tiltak i utvald kulturlandskap Norangsdalen - Hjørundfjorden


Invitasjon til å søkje om tilskot til tiltak i Utvald kulturlandskap (UKL) Norangsdalen – Hjørundfjorden 2018

Nytt utvald kulturlandskap

Norangsdalen – Hjørundfjorden fekk den 22.juni 2018 status som Utvald kulturlandskap i jordbruket (UKL).

Føremålet med tilskot til tiltak i Utvalde kulturlandskap er å medverke til å sikre verdiar knytt til biologisk mangfald, landskap, kulturminne og kulturmiljø, og å sikre langsiktig skjøtsel og drift. Satsinga på Utvalde kulturlandskap i jordbruket er ei oppfølging av nasjonale mål om å ta vare på kulturlandskapet.

I 2018 har UKL Norangsdalen- Hjørundfjorden fått tildelt 950 000,- kroner.

Kven kan søke?
Målgruppa for ordninga er personar eller verksemder som bidreg til å fremje føremålet med ordninga. Dette kan til dømes vere grunneigarar, drivarar, landbruksføretak, lokale entreprenørar/gründarar, organisasjonar, foreiningar med fleire. Dersom søkjar ikkje er grunneigar, må det ligge føre løyve frå grunneigar og eventuelt andre rettshavarar for å gjennomføre tiltak.

Alle tiltak skal gjennomførast i UKL-området. Se vedlegg som heter «Kart og avgrensing for UKL Norangsdalen- Hjørundfjorden».

Kva kan du søkje om tilskot til?
Du kan søkje om tilskot til tiltak som fremjar føremålet med ordninga. Dette kan til dømes vere:

  • Restaurering og skjøtsel av areal
  • Istandsetjing, vedlikehald og skjøtsel av bygningar og andre kulturminne
  • Planlegging av tiltak
  • Tilrettelegging for ferdsel og formidlingstiltak
  • Andre tiltak som fremjar føremålet med ordninga

Prioriteringar for 2018:
For 2018 vil ordninga prioritere å gje tilskot til forprosjekt og planlegging av tiltak. Til dømes:

  • Skjøtsel og utarbeiding av skjøtselsplan/avtale for areal (slåttemarker, naturbeitemarker mv.)
  • Faglege utredningar for restaurering av bygningar eller andre kulturminne
  • Innovative tiltak som koplar reiseliv/kulturlandskap/opplevingar på ein berekraftig måte

Korleis søkjer du?
Søknad skjer på eit eige skjema. Du finn søknadsskjema som vedlegg.

Søknadsfristen er 15. september 2018

Søknaden skal sendast til Ørsta kommune: Dalevegen 6, 6153 Ørsta eller som e-post til postmottak@orsta.kommune.no

Det er viktig at du les godt gjennom retningslinene og rettleiinga til søknadsskjema (sjå vedlegg). Her finn du mellom anna eksempel på korleis du skal fylle ut søknadsskjema, og korleis du skal rapportere etter at tiltaket er gjennomført.

For meir informasjon eller spørsmål, kontakt:
Fylkesmannen i Møre og Romsdal v/ Ragnhild Naug Aas, tlf.:  71 25 85 19, e-post: fmmrraaa@fylkesmannen.no
Ørsta kommune v/ Liv Bente Viddal, tlf.: 70049614, e-post liv-bente.viddal@orsta.kommune.no

Lenke til informasjon om Utvalde kulturlandskap, sjå:
Landbruksdirektoratet: https://www.landbruksdirektoratet.no/no/miljo-og-okologisk/kulturlandskap/utvalgte-kulturlandskap

Søknadsfrist:
15.09.2018 23:59:00
Målgruppe:
Personar eller verksemder som bidreg til å fremje føremålet med ordninga
Ansvarleg:
Ragnhild Naug Ås
Kven kan søkje:
Grunneigarar, drivarar, landbruksføretak, lokale entreprenørar/gründarar, organisasjonar, foreiningar med fleire

Kontaktpersonar

Kantakt i Ørsta kommune

Liv Bente Viddal 

Seksjonsleiar kultur og næring

liv-bente.viddal@orsta.kommune.no

70049614