NVE varslar heving til rødt farenivå for Veslemannen

Grunna auka rørsler har NVE heva farenivået for Veslemannen til rødt etter først å ha heva til til oransje tidlegare på dagen.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 19.07.2019

På morgonen i dag gjekk det fleire større steinsprang og hastigheita til fjellpartiet auka mykje. Farenivået blei då heva frå gult til oransje. I ettertid har steinsprangaktiviteten avtatt, men det er framleis store bevegelsar. No er hastigheita omlag 500 mm/døgn i øvre del av området, og 60 mm/døgn i frontpartiet. Det går framleis steinsprang, og med så store bevegelsar kan endringar skje raskt. Det er meldt utrygt for regn utover dagen, og vasstilførsel har tidlegare vist seg å gje auka rørsle i fjellpartiet.

På bakgrunn av dette aukar NVE farenivået ytlegare, til rødt.

Ved rødt farenivå publiserar NVE to daglege rapport ca kl 09.00 og ca kl 18.00 på:

Dagsrapportane finn du på:
www.varsom.no/fjellskredovervaking/varsel/velsemannen/

Les meir om Mannen og Veslemannen på:
www.nve.no/flaum-og-skred/fjellskredovervaking/mannen