Klimaprofil Møre og Romsdal

Norsk klimaservicesenter har publisert "Klimaprofil Møre og Romsdal". Klimaprofilen gjev eit kunnskapsgrunnlag for klimatilpassing i fylket.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 01.03.2017

Fram mot år 2100 er det venta at  årstemperaturen i fylket aukar med ca. 4 °C og at årsnedbøren aukar med ca. 15 prosent samanlikna med perioden 1971-2000. Dagar med mykje nedbør vil førekome oftare, og nedbørintensiteten vil auke.

Hovudfunn

  • Årstemperaturen i fylket aukar med ca. 4°C
  • Årsnedbøren aukar med ca. 15 prosent
  • Temperaturen auker tilnærma likt haust, vinter og vår (4 °C) og minst for sommaren (3,5°C)   
  • Dagar med mykje nedbør vil førekome oftare (15 prosent), og nedbørintensiteten vil auke
  • Inntil vidare tilrår ein eit klimapåslag på minst 40 prosent på regnskyll som varer under 3 timar
  • For vind syner berekningane ingen store endringar, men uvissa er stor