FylkesROS 2017

Vi har våre utfordringar i Møre og Romsdal. Vi bur i eit fylke med mykje topografi og mykje vêr. Landskap, natur og klima er variert og spenner frå kyst- og øykommunar, til fjord- og innlandskommunar. Møre og Romsdal har i tillegg ei spesiell utfordring med risiko for fleire store fjellskred. Denne risikoen sett store krav til beredskapen lokalt, regionalt og nasjonalt.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 01.03.2017

FylkesROS er ein risiko- og sårbarheitsanalyse for Møre og Romsdal. Analysen skal mellom anna bidra til oversyn over risiko og sårbarheit i fylket. Analysen er utarbeidd i fellesskap av Møre og Romsdal fylkeskommune og Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Fylkesmannen vil arbeide vidare med nye tema i FylkesROS i åra som kjem. ROS-analysen vil difor ikkje vere eit statisk dokument, men vil byggast ut ettersom ny kunnskap kjem til.

Fylkesmannen skal bruke FylkesROS som grunnlag for arbeid med førebyggande samfunnstryggleik, beredskapsplanlegging, øvingar, tilsyn og samarbeid med andre beredskapsaktørar.

Samfunnstryggleik er òg ein viktig premiss for fylkeskommunen. Fylkeskommunen sitt arbeid med samferdsel, utdanning, kulturminnevern, planlegging og regional utvikling skal ta omsyn til risiko og sårbarheit og fremje god samfunnstryggleik.

FylkesROS Møre og Romsdal er ein heilskap som i tillegg til denne rapporten òg omfattar dei tidlegare gjennomførte FylkesROSane (FylkesROS-sjø og FylkesROS-fjellskred), informasjon publisert på fylkeskommunen og Fylkesmannen sine nettstader, og den felles kartportalen www.gislink.no/ROS_MR/.

 

Fylkesmannen tek gjerne i mot innspel på analysen.