Heilskapleg ROS-analyse

Sivilbeskyttelseslova fastset at kommunen pliktar å kartlegge kva uønskte hendingar som kan skje i kommunen, vurdere sannsynet for at desse hendingane skjer og korleis dei i så fall kan påverke kommunen. Resultatet av dette arbeidet skal vurderast og samanstillast i ein heilskapleg risiko- og sårbarheitsanalyse.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 08.12.2014

Samfunnstryggleik inneber å medverke til eit trygt og robust samfunn, mellom anna gjennom å skaffe oversikt over relevant risiko. Risiko- og sårbarheitsanalysar (ROS-analysar) er ein systematisk framgangsmåte for å identifisere uønskte hendingar, kor ofte desse vil kunne skje og kva konksekvensar dei vil ha for liv, helse, materielle verdiar og samfunnsfunksjonar.

Heilskapleg ROS-analyse
Kommunen skal utarbeide ein heilskapleg ROS-analyse som gir oversikt over risikobildet i kommunen. Nærare retningslinjer for den heilskaplege ROS-analysen er fastsette i forskrift om kommunal beredskapsplikt.

Funn frå den heilskaplege ROS-analysen skal danne grunnlag for langsiktige mål, strategiar, prioriteringar og kommunen sin plan for oppfølging av samfunnstryggleik- og beredskapsarbeidet, jf. forskrifta sin § 3, og den heilskaplege ROS-analysen er derfor eit vesentleg grunnlag for både den kommunale planstrategien og kommuneplanen sin samfunnsdel.

Den heilskaplege ROS-analysen skal også vere det viktigaste grunnlaget for kommunen sin overordna beredskapsplan.

DSB har utarbeidd ein rettleiar om heilskapleg ROS-analyse.

 

ROS-analysar i arealplanlegginga er nærare omtalt her.