Du er ein del av beredskapen i Noreg

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) og Oslo kommune har utvikla ein kampanje for å betre folk sin eigenberedskap. Kva bør du ha i heimen for å klare deg sjølv i minst tre dagar?

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 07.11.2018

Norge er eit trygt og stabilt samfunn der det meste fungerer. Vi er likevel heilt avhengige av nokre kritiske samfunnsfunksjonar og infrastrukturar; til dømes straum, vatn og tele. Her ligg òg vår største sårbarheit. Dersom uønskte hendingar råkar desse strukturane kan det få store konsekvensar for samfunnet og enkeltmenneske.

Dersom fleire er i stand til å ta vare på seg sjølve og dei rundt seg ved ei hending, kan hjelpa setjast inn der behovet er størst. På den måten er du ein del av beredskapen i Noreg. 

DSB ber alle husstandar i Noreg om å ta nokre enkle grep for å betre sin eigen beredskap. Les derfor gjennom DSB sitt hefte «Du er ein del av beredskapen i Noreg – råd om eigenberedskap». Heftet skildrar dei grunnleggjande tinga du bør ha tenkt gjennom, og konkrete døme på korleis du skal klare deg sjølv i minst tre dagar ved ei hending. Les meir på www.sikkerhverdag.no

Ein av tinga som heftet tilrår at du har i heimen er jodtablettar (til bruk ved atomhendingar). Det vart frå 1. november mogleg å kjøpe dette på apoteket. Sjå Statens strålevern sin informasjon om dette.

Kommunar har eit særskilt ansvar innanfor samfunnstryggleik og beredskap gjennom sivilbeskyttelseslova med forskrift om kommunal beredskapsplikt. DSB gjev kommunane høve til å nytte kampanjen til å auke innbyggjarane sin eigenberedskap lokalt, og tilpasse den lokale forhold. Dersom dette er ynskjeleg kan kommunen kontakte DSB ved:

  • Carl Thomas Aarum, carlthomas.aarum@dsb.no, tlf. 33 41 25 72, eller
  • Tore Kamfjord, tore.kamfjord@dsb.no, tlf. 33 41 25 75.

Les meir om kommunen sin moglegheit til å delta i kampanjen på