Viktig karantenearbeid i Giske og Ålesund

Personar som kjem til Ålesund Lufthamn Vigra frå utlandet skal i karantene. Foto: Avinor

Giske og Ålesund kommune samarbeider for å handtere behovet av karantenehotell for passasjerar som kommer frå utlandet og landar på Ålesund lufthamn – Vigra.

Publisert 11.11.2020 av Administrator

Vigra er for tida den einaste lufthamna i fylket som har internasjonale rutefly.

Etter at regjeringa sine nye bestemmingar om innreise tredde i kraft natt til måndag 09.11, er det etablert nye karantenesystem i Noreg. Personar som kjem frå utlandet, og som ikkje er folkeregistrert busett i Noreg, har meldt flytting til Noreg, eller eier bustad i Noreg, skal i karantenehotell. Det same skal utanlandske arbeidarar der arbeidsgivaren ikkje har sørga for egna karanteneoppholdsstad. Det finnes nokre få unntak. Dette nye systemet gjeld altså ved grensepasseringar til Noreg.

Mykje logistikk

– Fylkesmannen har i løpet av førre helg samarbeida med kommunane rundt Ålesund lufthamn - Vigra. På kort tid har kommunane Giske og Ålesund laga eit system som tar seg av personar som skal til karantenehotella, fortel fylkesberedskapssjef Stine Sætre.

Systemet var på plass då første fly kom frå utlandet i fem-tiden måndag ettermiddag.

Det er krav om at alle som kjem til Noreg frå utlandet, med nokre få unntak, skal vise fram ein gyldig negativ Covid19-test. Testen skal ikkje være over 72 timer gammal. Reisande utan ein slik test skal returnerast til avreiselandet.

Ålesund Airport hotell på Valderøya i Giske kommune og Scandic Parken hotell i Ålesund kommune nyttast som karantenehotell for personar som kjem direkte til Møre og Romsdal frå utlandet.

– Hotella har i avtale med kommunane satt av fleire rom til karantenehotell-verksemd. Volumet kan justerast opp eller ned etter at ein får evaluert behovet, fortel Sætre.

En kjempejobb

– Kommunane har i samarbeid med politi og Avinor gjort ein kjempejobb for å få på plass system for innreisekarantene og karantenehotell på kort tid, seier fylkesberedskapssjef Stine Sætre.

Innreisekarantene - hotell

Personar som kjem til Noreg frå utlandet, skal opphalde seg ti dagar i karantene på eit karantenehotell.

Unntak gjeld for personar som er busett i Noreg, folkeregistret i Noreg, har meldt flytting til Noreg, eller som eig bustad, eller fritidsbustad, i Noreg. Arbeids- eller oppdragstakarar som kan dokumentera at arbeids- eller oppdragsgivar har sørga for egna opphaldssted med einerom for gjennomføring av karantena, får og unntak.