Tryggleikskrav i byggesaker

Fylkesmannen i Møre og Romsdal oppheva Sande kommunes byggevedtak grunna manglande tryggleiksavklaringar.

Sande kommune godkjente i januar 2019 oppføring av ein fritidsbustad mv. ved Goteneset. Vedtaket blei klaga på av eigaren av ein naboeigedom.

Trygg byggetomt

Saka reiste mellom anna spørsmål om byggetomta var tilstrekkeleg trygg. Eigedomen ligg i eit område som i kommuneplanen er avsett til omsynssone med fare for snøskred og steinsprang. Kommunen viste til at eigedomen ligg innanfor ein tidlegare godkjent reguleringsplan, og godkjente søknaden.

Den faktiske og reelle skredfaren var ikkje kartlagt verken i arbeidet med kommuneplanen, den eldre reguleringsplanen eller byggesaka. Med heimel i plan- og bygningslova og byggteknisk forskrift fastslo Fylkesmannen at løyve då ikkje kan bli gjeve:

Der skredfaren ikkje er avklart […] er det ein føresetnad for eit byggeløyve at kommunen eller tiltakshavaren får utarbeidd ein fagkyndig rapport der ein først vurderer om rasfaren er reell. Dersom dette er tilfelle, må det gå fram av rapporten kva årleg nominell sannsyn det er for skred på dei aktuelle tomtene, og kva konsekvens eit skred kan ha. Rapporten kan medføre at tiltaket ikkje kan gjennomførast, eller at tiltakshavaren må gjere avbøtande tiltak. Det er ikkje tilstrekkeleg i seg sjølv for å oppfylle tryggleikskrava at eit område er avsett eller regulert til utbyggingsformål.