Byggeforbodet i 100-metersbeltet langs sjøen - verknad for eldre reguleringsplanar utan byggegrense

Kommunal- og moderniseringsdepartementet endrar si tolking av plan- og bygningslova.

I plan- og bygningslova § 1-8 andre ledd er det eit generelt byggeforbod i 100-metersbeltet langs sjøen. Etter tredje ledd gjeld ikkje forbodet dersom det er fastsett ei anna byggegrense i kommuneplanens arealdel eller reguleringsplan.

Departementet har fram til no lagt til grunn at reguleringsplanar vedtatt etter tidlegare plan- og bygningslov utan byggegrense gjeld inntil dei blir endra, oppheva, erstatta eller sett til side av ny plan etter plan- og bygningslova av 2008. Forslag til lovendring i tråd med dette vart fremma i Prop. 149 L (2015-2016) om endringar i plan- og bygningslova. Stortinget behandla lovproposisjonen 23. februar 2017. Forslaget vart ikkje vedtatt.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet  har  i etterkant av dette, endra si tolking av plan- og bygningslova. Av dette følgjer at byggeforbodet i 100 meters beltet langs sjøen vil gjelde for  byggeområde avsett i tidlegare vedtekne planar dersom det ikkje er fastsett byggegrense mot sjøen.

Fylkesmannen viser til brev frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet av 08.03.2017.