Regelverk

Nedanfor finn du ein oversikt over eit uvalg kjelder som kan vere nyttige ved handsaming av ei byggesak. 

Dersom sentrale myndigheiter endrar gjeldande regelverk, informerer vi om endringane her. Vi publiserer også høyringsfråsegner vi kjem med. 

Merk at Fylkesmannen har publisert generell informasjon om arealforvaltning her.

Regelverk

lovdata finn du gjeldande og historisk regelverk, samt rettspraksis frå domstolane med meir. Sentrale lovar og forskrifter er:

I tillegg til nasjonalt regelverk, vedtek den einskilde kommune planar som er rettsleg bindande for arealbruken i området. Alle kommunar har ein kommuneplan med arealdel som tar for seg heile kommunen i grovare trekk. I mange tilfelle vil det gjelde ein reguleringsplan for området. Ein reguleringsplan tar for seg eit avgrensa område på ein meir detaljert måte enn det kommuneplanen gjer. For å sjå gjeldande kommuneplan og reguleringsplanar kan du gå inn på den aktuelle kommunens heimeside. 

Departement, direktorat og Sivilombodsmannen

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har eigne nettsider om bustad, bygg og eigedom. Her finn du nyheiter, rettleiingar, prinsipputtalar og tolkingsuttalar innan plan- og bygningsretten. 

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har tilsvarande nettsider som gjeld plandelen i plan- og bygningslova. 

Direktoratet for byggkvalitet har eigne nettsider med kommentarar til byggteknisk forskrift og byggesaksforskrifta (byggereglene). Her finn ein også ulike temarettleiarar. 

Sivilombudsmannen er oppnemnt av Stortinget for å ivareta den einsklides rettigheiter i møte med forvaltninga. Her finn du mange uttalar med relevans for plan- og byggesakshandsaming. 

Temakart 

Miljøkommune eit verktøy for sakshandsaming innan miljøforvaltning, som til avfall, forureining og klima.  

Norges vassdrags- og energidirektorat har utarbeidd fleire karttenester for kartlegging av potensiell flaum- og skredfare. 

Fylkesmannen og fylkeskommunane i Møre og Romsdal og Trøndelag har publisert karttenesta GisLink, som gjev oversikt over til dømes landbruks-, kystsone,-og kulturinteresser. 

Norsk institutt for bioøkonomi leverer karttenesta gardskart på nett, som viser landbruksressursar på ein eigedom. 

Statens vegvesen kartlegg støy langs riks- og fylkesvegar.

Rettleiarar

Rettleiaren Grad av utnytting (Kommunal- og moderniseringsdepartementet) tar for seg måle- og utrekningsprinsipp i byggesaker. 

Rettleiaren Garden som ressurs (Kommunal- og moderniseringsdepartementet / Landbruks- og matdepartementet) gjeld bygge- og anleggstiltak i og i tilknyting til landbruket.  

Direktoratet for byggkvalitet skriv om Utbygging i fareområder

Rettleiaren T-1442 (Klima- og miljødepartementet) gjeld handsaming av støy i arealplanlegging.

Rundskriv H-8/15 (Kommunal -og moderniseringsdepartementet) gjeld plan- og bygningslova § 29-4.

Rettleiing til tekniske krav ved tiltak på eksisterande byggverk (Norsk kommunalteknisk forening). 

 

Vis meir


10.09.2019

Dispensasjon

Dispensasjonsreglen i kapittel 19 i ny plan- og bygningslov (L27.06.08 nr. 71) trådte i kraft den 01.07.09. Kravet om ”særlige grunner” er erstattet av to nye vilkår. Regelen er utforma slik at det skal være tydlegare kva avveging ein må foreta når ein vurderar dispensasjon.

10.09.2019

Forenkling av byggereglane – likevel ikkje fritt fram

Frå 1. juli i år vert byggereglane enklare ved at fleire mindre byggetiltak blir unnateke frå søknadsplikt etter plan- og bygningslova. Dette kjem både sjølvbyggaren og dei profesjonelle føretaka til gode. For dei minste byggetiltaka blir det no mindre kommunal saksbehandling, og det er lagt meir ansvar over på den som skal bygge. Til no har mange av dei små byggetiltaka vore omfatta av dei sama saksbehandlingsreglane som dei store tiltaka.