Matrikkellova

Matrikkellova skal sikre tilgang til viktige eigedomsopplysningar, ved at det blir ført eit einsarta og påliteleg register (matrikkelen) over alle faste eigedommar i landet, og at grenser og eigedomsforhold blir klarlagde.

Kommunene har ansvar for tildeling av adresser, føring av matrikkel og oppmålingsforretning. Der ikkje anna er bestem er det Fylkesmannen som er klageinstans for kommunale vedtak etter matrikkellova.

Enkeltvedtak etter matrikkellova kan klagast på etter reglene i forvaltningslova. I tillegg er det etter matrikkellova § 46 klagerett på

a) matrikkelføring av saker som krev oppmålingsforretning etter § 6, under dette feil ved varslinga eller utføringa av forretninga,

b) klarlagt grense etter § 7 tredje ledd,

c) samanslåing, jf. § 18,

d) føring av referanse til avtale om eksisterande grense i matrikkelen, jf. § 19,

e) fastsetjing av samla fast eigedom, jf. § 20,

f) tildeling av offisiell adresse med heimel i § 21,

g) sletting av matrikkeleining med heimel i § 26 andre ledd,

h) avslag på krav om retting av opplysning i matrikkelen, jf. § 26 tredje ledd,

i) avslag på førespurnad om innsyn i matrikkelen etter § 29,

j) utlevering av opplysningar frå matrikkelen, jf. § 30,

k) fastsetjing av gebyr, jf. § 32 første ledd,

l) avslag på rekvisisjon av oppmålingsforretning, jf. § 35 første ledd,

m) tvangsmulkt, jf. § 48.

Vis meir