Ekspropriasjon

Kommunen kan ekspropriere (oreigne) privat eigedom for å få gjennomført ein reguleringsplan. Fylkesmannen er klageinstans for kommunen sitt vedtak om oreigning etter plan- og bygningsloven.

Heimelen for å ekspropriere for å gjennomføre ein reguleringsplan er gitt i plan- og bygningsloven § 16-2. Ekspropriasjon i medhald av reguleringsplan må skje innan 10 år etter at planen er kunngjort. Før kommunen gjer vedtak om ekspropriasjon skal saka vere best mogleg klarlagt, og dei som blir råka av ekspropriasjonen skal ha hatt høve til å uttale seg i saka. I tillegg bør ein ha gjort forsøk på å kome til ei minneleg ordning før kommunen går vidare med ei ekspropriasjonssak. Reglane i oreigningslova vil, så langt dei passar, gjelde i tillegg til føresegnene i plan- og bygningsloven.

Klage

Kommunen sitt vedtak om å ekspropriere kan påklagast til fylkesmannen. Klage skal først sendast til kommunen for førebuande klagesaksbehandling. Normal behandlingstid hos fylkesmannen for denne typen saker er 12 veker frå vi har motteke saka frå kommunen.

Forhåndstiltredelse

Sjølv om det er gjort vedtak om å ekspropriere, kan det likevel ta tid før ei ekspropriasjonssak er endeleg gjennomført. Det er difor høve til å søke om samtykke til at ekspropriasjonsinngrepet vert sett i verk før det ligg føre rettskraftig skjøn (forhåndstiltredelse). Heimelen for dette er gitt i oreigningslova § 25. Mynde til å gi slikt samtykke ligg til fylkesmannen når ekspropriasjon skjer med heimel i plan- og bygningsloven.

Før det blir teken avgjerd etter oreigningslova § 25 skal partane ha fått høve til å uttale seg. Samtykke til at ekspropriasjonsinngrepet kan settast i verk vil vere eit enkeltvedtak som kan påklagast til Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Klage skal sendast til fylkesmannen for førebuande klagesaksbehandling.

Vis meir