Dispensasjon

Dispensasjonsreglen i kapittel 19 i ny plan- og bygningslov (L27.06.08 nr. 71) trådte i kraft den 01.07.09. Kravet om ”særlige grunner” er erstattet av to nye vilkår. Regelen er utforma slik at det skal være tydlegare kva avveging ein må foreta når ein vurderar dispensasjon.

 

Kva er dispensasjon?

Med dispensasjon i plan- og bygningslovens forstand, meines løyve til i enkelttilfelle å fråvike reglar gitt i eller i medhald av loven. Dispensasjonen inneber at tiltaket, til tross for at det er i strid med plan- og bygningslovgivninga, er lovleg så langt dispensasjonen rekk.

Det kan dispenserast frå dei materielle reglar i plan- og bygningsloven, for eksempel avstandskrav til nabogrense jf. pbl. § 29-4. Det følgjer no uttrykkeleg av pbl. § 19-2 andre ledd at det ikkje kan dispenserast frå sakshandsamingsreglane. Vidare kan det dispenserast frå kommuneplan og reguleringsplan med tilhøyrande føresegn. Når det gjeld dispensasjon frå plan vil det være mest aktuelt ved midlertidige og tidsbestemte unntak frå planen og ved varige unntak der det ikkje er ønskelig å endre planen. Det ligg som ein føresetnad for sjølve plansystemet at det ikkje kan gis dispensasjon for så omfattande avvik frå planen at det går utanfor ramma av det som kan karakteriserast som ei mindre endring etter pbl. § 12-14 andre ledd.

Pbl. § 19-2 gir ikkje heimel for å dispensere frå anna lovgiving.

Å gi dispensasjon frå reglar eller planar endrar ikkje lovreglane eller plangrunnlaget. Dispensasjonen er eit unntak som berre gjeld i den konkrete saken. Ein dispensasjon rekk ikkje lenger enn det konkrete tiltak det er søkt om dispensasjon for.

Vilkåra for dispensasjon

Heimelen for å gi dispensasjon er no fastsett i § 19-2 i plan- og bygningslova og lyder slik:

"Kommunen kan gi varig eller midlertidig dispensasjon fra bestemmelser fastsatt i eller i medhold av denne lov. Det kan settes vilkår for dispensasjonen.

Dispensasjon kan ikke gis dersom hensynene bak bestemmelsen det dispenseres fra, eller hensynene i lovens formålsbestemmelse, blir vesentlig tilsidesatt. I tillegg må fordelene ved å gi dispensasjon være klart større enn ulempene etter en samlet vurdering. Det kan ikke dispenseres fra saksbehandlingsregler.

Ved dispensasjon fra loven og forskrifter til loven skal det legges særlig vekt på dispensasjonens konsekvenser for helse, miljø, sikkerhet og tilgjengelighet.

Ved vurderingen av om det skal gis dispensasjon fra planer skal statlige og regionale rammer og mål tillegges særlig vekt. Kommunen bør heller ikke dispensere fra planer, lovens bestemmelser om planer og forbudet i § 1-8 når en direkte berørt statlig eller regional myndighet har uttalt seg negativt om dispensasjonssøknaden.

Departmentet kan i forskrift gi regler for omfanget av dispensasjoner og fastsette tidsfrist for behandling av dispensasjonssaker."

Det er etter den nye lova ikkje lenger tale om ei vurdering av om det ligg føre "særlige grunner" som kan grunngi ein dispensasjon. Lova oppstiller no i staden to vilkår som begge må vere oppfylt før ein kan gi dispensasjon.

For det første seier lova no i kva tilfelle det ikkje vil vere aktuelt å dispensere. Det første spørsmålet ein må stille seg er da: Vil dispensasjonen føre til at omsyna bak den reglen det dispenserast frå, eller omsyna i lova sin formålsbestemmelse, blir vesentleg tilsidesett? Dersom svaret på dette er "ja", skal det ikkje dispenserast, og ein kan stanse vurderinga der.

Dersom kommunen finn at dispensasjonen ikkje vil føre til vesentleg tilsidesetting av desse omsyna, må ein halde fram med vurderinga, og det neste spørsmålet blir da: Vil fordelane ved å gi dispensasjon vere klart større enn ulempene etter ei samla vurdering? Det er såleis ikkje nok å konkludere med "nei" på det første spørsmålet, ein må også kunne konkludere med "ja" på det andre spørsmålet. Begge vilkåra må såleis vere oppfylte for at kommunen skal ha heimel til å dispensere.

Dersom ein etter ei vurdering finn at begge vilkåra er oppfylte, "kan" kommunen gi dispensasjon. Ingen har såleis krav på å få dispensasjon sjølv om vilkåra er oppfylte, og det er altså her kommunen sitt frie skjøn kjem inn i bildet. Kommunen kan såleis avslå ein dispensasjonssøknad sjølv om søknaden oppfyller vilkåra, men det er da viktig å vere merksam på at kommunen må vise til ein sakleg grunn for å avslå.

Nærare om kriteria for å gi dispensasjon og momenta i desse vurderingane

Dispensasjon frå lov eller forskrifter:

I høve til det første kriteriet – ”vesentleg tilsidesetting” – må ein her stille spørsmålet: Kva er det som er bakgrunnen for at det er gitt ein slik regel, altså kva omsyn er det denne regelen er meint å ivareta? Ein må altså gå inn i forarbeida til den konkrete regelen for å søkje å klarleggje dette. Vidare seier plan- og bygningslova sjølv i § 1-1, kva som er føremålet med lova. Her finn ein altså omsyn som plan- og bygningslova generelt skal ivareta, og som difor vil kunne vere relevant uansett kva regel det er tale om å dispensere frå. Det avgjerande etter den første vurderinga vil da vere om dispensasjonen vil føre til ei vesentleg tilsidesetting av dei omsyna som gjer seg gjeldande i den konkrete saka.

Det andre kriteriet inneber at det må gjerast ei interesseveging, der ein må vurdere fordelane ved tiltaket opp mot ulempene. Etter § 7 i tidlegare lov har det vore tilstrekkeleg med ei alminneleg interesseovervekt, medan det etter den nye regelen må vere klart større fordelar enn ulemper.

Ved dispensasjon frå lov og forskrifter seier § 19-2 uttrykkeleg at det skal leggjast særleg vekt på dispensasjonen sine konsekvensar for helse, miljø, sikkerheit og tilgjengelegheit. Dette er altså moment som skal tilleggjast stor vekt ved dispensasjonsvurderinga. I dette ligg det først og fremst at dispensasjonar ikkje må innebere løysingar som vil vere til nevneverdig skade for slike omsyn. På den andre sida opnar dette for at slike omsyn i spesielle tilfelle kan vere med på å grunngi at ein dispensasjon blir gitt.

Dispensasjon frå planar og frå forbodet i pbl. § 1-8:

På same måte som nemnt ovanfor må ein også her stille spørsmålet: Kva er det som er bakgrunnen for at eit område er disponert på ein bestemt måte i planen, eller at det i planen er gitt nærare føresegner for eit område? Dei generelle formåla som følgjer av § 1-1 vil vere relevant også i denne samanheng, og i tillegg er det i § 3-1 oppstilt generelle omsyn som gjer seg gjeldande ved planlegginga, og som ein må sjå hen til ved vurderinga av om det kan dispenserast frå ein plan.

Ved vurderinga av om det skal dispenserast frå planar er det viktig å ha for auge at planar som oftast blir til gjennom ein omfattande avgjerdsprosess, ein prosess der offentlegheit, samråd og medverking står sentralt, og der vedtaket blir gjort av kommunens øvste folkevalde organ. I motsetnad til dei generelle reglane i plan- og bygningslova, som skal fange opp mange ulike tilfelle, omhandlar planar konkrete tilhøve, og det skal difor ikkje vere kurant å dispensere frå planen. Det er viktig at dispensasjonar ikkje undergrev planen som informasjons- og beslutningsgrunnlag, og at endringar av betyding ikkje skjer gjennom dispensasjonar.

Lova seier uttrykkeleg at ved vurderinga av om det skal dispenserast frå plan, skal det leggjast særleg vekt på statlege og regionale rammer og mål. Det er eit hovudprinsipp i lova at kommunen si myndigheitsutøving og vedtak må ligge innanfor statlege og regionale rammer og mål, også i dispensasjonssaker. Der det ligg føre slike rammer og mål for arealpolitikken, skal desse leggjast til grunn for dispensasjonsvurderinga i den enkelte sak. Det går no også uttrykkeleg fram av lova at kommunen ikkje bør dispensere når statleg eller regional myndigheit har uttalt seg negativt om dispensasjonssøknaden. Bakgrunnen for dette er at i desse tilfella vil ofte tiltaket ikkje ligge innanfor statlege og regionale rammer og mål. Kommunen må likevel gjere ei sjølvstendig vurdering av dette.

Kort om sakshandsaminga i dispensasjonssaker

”grunngitt søknad”

Det følgjer no uttrykkeleg av pbl. § 19-1 at dispensasjon krev grunngjeven søknad.

”nabovarsling”

I samband med dispensasjonssøknad skal naboar og gjenbuarar varslast i tråd med pbl. § 21-3. Det er tiltakshavar som har varslingsplikta. Varselet må gjere reie for at det søkast om dispensasjon og kva dispensasjonen nærmare vil gå ut på.

Eit særskilt varsel om dispensasjonssøknaden vil likevel ikkje være nødvendig i dei tilfella der det søkes om dispensasjon samtidig som det blir fremma søknad etter reglane i kap. 20. Det vil heller ikkje være nødvendig med særskilt varsel når det er openbart at dispensasjonssøknaden ikkje rørar ved naboens interesser.

”høring”

Ein dispensasjonssøknad kan røre ved ulike sektorinteresser. I slike tilfeller må saken først sendast på lokal høyring (internt i kommunen). Vidare kan dispensasjonssøknaden avhenge løyve etter andre sektorlover, typisk jordloven eller kulturminneloven.

Når den interne høyringa er gjennomført, må administrasjonen vurdere om det er heimel for å gje dispensasjon og om det bør (jf. ”kan”) gis dispensasjon. Er ikkje lovens vilkår oppfylt skal det innstillast på negativt vedtak utan ekstern høyring. Er det politiske utval ueinig og vil gje dispensasjon skal utvalet returnere saka til administrasjonen slik at ho blir sendt ut på ekstern høyring til dei aktuelle sektorstyresmaktene.

Når søknaden gjeld dispensasjon frå kommuneplanas arealdel eller reguleringsplan følgjer det av pbl. § 19-1 at fylkeskommunen og aktuelle statlege myndigheiter skal få høve til å uttale seg til søknaden før dispensasjon blir gitt.

Sjølve dispensasjonsvedtaket:

Bygningsmyndigheitene må i vedtaket klargjere kva reglar det dispenserast frå, kor langt dispensasjonen rekk og kor lenge den skal vare.

Er det stilt vilkår for dispensasjonen må det opplysast om kva dei går ut på. Vilkåra må ha som formål å avbøte dei eventuelle ulempar som dispensasjonen kan medføre. Vidare må vilkåra ivareta dei omsyn som ligg bak den regelen det dispenserast frå og dei omsyna som går fram av pbl. § 1-1 (lovens formål) og § 3-1 (oppgåver og omsyn i planlegginga).

Vedtak i dispensasjonssaker skal grunngjevast og partane, naboar, gjenbuarar og eventuelle sektormyndigheiter skal ha ei underretting om vedtaket med orientering om klageadgang.