Plan- og bygningsrett

Det er kommunane som har ansvar for arealplanlegging og gir byggjeløyve innanfor kommunegrensene. Kommunal- og moderniseringsdepartementet er øvste plan- og bygningsstyresmakt. Fylkesmannen er klageinstans i byggjesaker og saker som gjeld reguleringsplanar.  

Klage på byggjesaker og reguleringsplanar

Som klageinstans skal Fylkesmannen medverke til å sikre at bygningspolitiske mål i lover, forskrifter og arealplanar etterlevde på best mogleg måte. Men Fylkesmannen skal òg leggje vekt på det kommunale sjølvstyret.

Kven kan klage?

Tiltakshavar, naboar og andre som har klagerett, kan klage på kommunens vedtak i byggje- og reguleringssaker. Klaga skal sendast til kommunen. Dersom kommunen ikkje endrar vedtaket sitt, blir saka send vidare til Fylkesmannen for endeleg avgjerd.

Saksbehandlingstid

Fylkesmannen skal prioritere saker der ei klage fører til utsett iverksetjing av eit vedtak. Desse sakene skal behandlast innan 6 veker. I andre tilfelle skal Fylkesmannen prioritere sakene etter kor viktige dei er for den enkelte og samfunnet. Saksbehandlingstida skal ikkje vere på meir enn 3 månader.  

Vis meir


17.03.2017

Byggeforbodet i 100-metersbeltet langs sjøen - verknad for eldre reguleringsplanar utan byggegrense

Kommunal- og moderniseringsdepartementet endrar si tolking av plan- og bygningslova.

26.06.2015

Forenkling av byggereglane – likevel ikkje fritt fram

Frå 1. juli i år vert byggereglane enklare ved at fleire mindre byggetiltak blir unnateke frå søknadsplikt etter plan- og bygningslova. Dette kjem både sjølvbyggaren og dei profesjonelle føretaka til gode. For dei minste byggetiltaka blir det no mindre kommunal saksbehandling, og det er lagt meir ansvar over på den som skal bygge. Til no har mange av dei små byggetiltaka vore omfatta av dei sama saksbehandlingsreglane som dei store tiltaka.  

19.11.2014

Nye rutinar for oversending av byggesaker og reguleringssaker

Fylkesmannen i Møre og Romsdal innfører no ei sjekkliste til bruk ved innsending av byggesaker og reguleringssaker til klagebehandling. Sjekklista skal sikre at alle relevante dokument er med.

05.03.2014

Dispensasjon

Dispensasjonsreglen i kapittel 19 i ny plan- og bygningslov (L27.06.08 nr. 71) trådte i kraft den 01.07.09. Kravet om ”særlige grunner” er erstattet av to nye vilkår. Regelen er utforma slik at det skal være tydlegare kva avveging ein må foreta når ein vurderar dispensasjon.