Samling for barne- og ungdomsrepresentantar i kommunane

Fylkesmannen i Møre og Romsdal og Møre og Romsdal fylkeskommune inviterte barne- og ungdomsrepresentantane frå alle kommunane i fylket til ei regional to-dagars samling i Molde i slutten av september.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 05.10.2018

Kommunane skal etablere ei særskild ordning for å ivareta barn og unge sine interesser i alle plan- og byggesaker etter plan- og bygningslova. Ordninga kan organiserast etter ulike modellar. Det er stor variasjon i forhold til korleis dette blir følgd opp i kommunane. Felles for alle modellane er likevel at det skal utpeikast ein kontaktperson, her omtalt som barne- og ungdomsrepresentant (BU-representant). Behovet for felles opplæring og erfaringsdeling for desse vil her vere viktig.

Den første dagen på samlinga vart det lagt opp til orientering om FNs barnekonvensjon, gjennomgang og opplæring i plan- styringssystemet, samt aktuelle planeksempel knytt til diskusjon og praktisk arbeid.

På dag to var det innlegg frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet om arbeidet med nasjonale rammer og føringar knytt til BU-ordninga. Volda kommune delte eksempel og erfaringar frå arbeidet med barn og unge sine interesser knytt til arbeidet med rullering av kommuneplanen. Representantar frå ungdomspanelet i Møre og Romsdal presenterte sine synspunkt og tankar rundt deltaking og medverknad knytt til lokalt plan- og utviklingsarbeid.

Samlinga blei avslutta med ein workshop der hovedoverskrifta var: Innhald og oppgåver – kva skal til for at vi får gjort jobben vår? Deltakarane arbeidde både individuelt og i grupper, før oppsummering og presentasjon i plenum. Resultata frå workshopen viste at mange saknar tydelegare rammer knytt til BU-ordninga i eigen kommune.

I etterkant av samlinga vil Fylkesmannen og fylkeskommunen følgje opp innspela frå workshopen og sende ut brev til kommunane der vi vil klargjere ansvar og oppgåver knytt til BU-ordninga.