Roller og ansvar

Kommunen har hovudansvar for planlegging etter plan- og bygningslova. Som planstyresmakt skal kommunen syte for medverknad frå sektorar som har interesser som vert berørt av planlegginga. Også regionale og statlege styresmakter er tillagt oppgåver i lova.

Kommunen er planstyresmakt
Kommunane har hovudansvaret for planlegging og forvaltning etter plan- og bygningslova. Planansvaret inneber og at kommunane skal ivareta nasjonale og viktige regionale interesser i planlegginga.

Naturmangfaldlova (av 1. juli 2009) set sterkare krav til vurderingar av tema som biologisk mangfald ved sakshandsaming etter plan- og bygningslova. Lova inneheld blant anna sentrale prinsipp: kunnskapsgrunnlaget og miljørettslege prinsipp, som forvaltingslova skal leggast til grunn for all utøving av myndigheit. Kommunen skal sørgje for at vurderingar etter desse prinsippa i naturmangfaldlova kjem tydeleg fram i saksutgreiinga i alle saker (naturmangfaldlovas §§ 7-12).

Fylkesmannen vil framheve følgjande når det gjeld kommunane sitt ansvar for reguleringsplanar og konsekvensutgreiingar:

Reguleringsplanar
Kommunen skal spele ein aktiv rolle i plansakshandsaminga, og bidra til at planen sikrar gode løysingar, og ikkje får (utilsikta) uheldige verknader utanfor planområdet. Det er kommunen som først og fremst skal sjå til at planen er heilskapleg utforma i harmoni med omgjevnadene.

Kommunen skal kvalitetssikre planene før utlegging til offentleg ettersyn. Dette inneber at kommunen skal sjå til at planen:
- er juridisk haldbar, dvs. at:
- planen er i tråd med plan- og bygningslova, naturmangfaldlova og anna relevant lovverk
- det er samsvar mellom plankart og føresegner
- er godt opplyst (utfyllande planomtale) og at vurderingar etter naturmangfaldlovas
§§ 7- 12 kjem tydeleg fram i alle saker
- er tilstrekkeleg detaljert for å ivareta alle relevante omsyn og interesser
- har god teknisk standard

Kommunen skal sjå til at planframlegget ikkje bryt med nasjonale føringar for arealpolitikken.

Konsekvensutgreiingar (KU)
Etter KU-forskrifta er kommunen ansvarleg styresmakt for kommune(del)plan og reguleringsplan (som ikkje krev løyve etter sektorlov). I denne rolla skal kommunen fastsetje utgreiingsprogrammet. Det er avgjerande at kommunen også her spelar ei aktiv rolle for å sikre at planprogrammet vert formulert på ein slik måte at alle relevante utgreiingstema vert utgreidd på ein god måte. For tema naturmangfald må behov for ytterlegare kartleggingar vurderast og eventuelt feltarbeid tilpassast sesong/tid på året for det aktuelle art og naturtypen.

Regional og statleg planstyresmakt
Regionale styresmakter skal rettleie kommunane og kan fremje motsegn mot planar som ikkje i tilstrekkeleg grad tek overordna nasjonale og regionale omsyn. Regional planstyresmakt (fylkeskommunen) har hovudansvaret for regional planlegging etter lova. Staten har overordna ansvar for planlegging.

Fylkesmannen har fagleg ansvar og handsamer klagesaker
Fylkesmannen har fleire roller og oppgåver innan planlegging.

Ei viktig oppgåve i planprosessar etter plan- og bygningslova er å formidle nasjonal politikk innafor viktige fagområde, der arealpolitikk og miljøvern, landbruk, helse, oppvekst og samfunnstryggleik står sentralt. Fylkesmannen skal sjå til at regionale og nasjonale omsyn vert ivareteke i planarbeidet.

Vidare har Fylkesmannen ansvar for handsaming av klager på kommunale vedtak i plan- og byggesaker etter lova. Fylkesmannen har og rolle som meklar i plansaker der det ligg føre motsegn.