Plankonferansen 2014 – presentasjon av dei faglege innlegga

Plankonferansen 2014
Plankonferansen 2014

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har i samarbeid med Møre og Romsdal fylkeskommune og KS gjennomført ein tre-dagars felles konferanse om planlegging, bumiljø og folkehelse.

Konferansen som var lagt til Molde 4. – 6. november  samla om lag 100 deltakarar.

 Hovudtema for konferansen var bukvalitet og oppvekstmiljø, der søkelyset m.a. vart retta mot trafikktryggleik, planlegging for sykkel, nærmiljøkvalitetar, medverknad frå barn og unge og bustadstrategiske tiltak i bygd og by. 

Plankonferansen var i år utvida til ein tredje dag med ein workshop i samfunns- og kommuneplanlegging i eit helseperspektiv. Kommunal- og moderniseringsdepartementet har gitt økonomisk støtte til plankonferansen. Workshopen vart finansiert av KS.

 

Presentasjonane frå konferansen finn du til høgre på sida, under relaterte dokument.