Hareid kommune med eigen informasjonsvideo om kommunal planlegging

Hareid kommune har starta arbeidet med revisjon av kommuneplanens arealdel. Det er lagt opp til  ein open og inkluderande planprosess med vekt på deltaking og medverknad.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 03.02.2017

Kommuneplanen er eit viktig strategisk verktøy for utvikling og styring av kommunen som samfunn og organisasjon.

Filmen gir ein kortfatta presentasjon av aktuelle tema og innsatsområde knytt til kommuneplanens samfunns- og arealdel.

Det blir vidare formidla ei klar oppfordring til alle innbyggarane i kommunen om ta aktivt del i det arbeidet som er sett i gang med rullering av kommuneplanens arealdel.

Filmen formidlar enkel og oversiktleg informasjon om kommunal planlegging -  til nytte og inspirasjon også for andre kommunar.