Felles introduksjonsdag for nye planleggarar i kommunane

Torsdag 1. februar samla Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Møre og Romsdal fylkeskommune og Statens vegvesen, nye planleggarar i kommunane til ein felles informasjonsdag knytt til kommunal planlegging.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 02.02.2018

Målgruppa for samlinga var «ferske» planleggarar, eventuelt også dei som behandlar byggesak og dispensasjonssaker etter plan- og bygningslova. Eit av formåla med samlinga var å senke terskelen for å ta kontakt i viktige saker samt å bli nærare kjende med kvarandre, utveksle erfaringar og lære om ulike måtar å jobbe på. Dette kan bli ein årleg tradisjon, og vi veit at andre fylke har hatt suksess med slike samlingar. Det var ei vellykka og nyttig samling  med om lag 30 deltakarar frå Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Mange av kommunane hadde fleire deltakarar.

Programmet for dagen omfatta både plenumssamlingar knytt til aktuell tema, samt etatsvise orienteringar frå Fylkeskommunen, Statens vegvesen og Fylkesmannen. Dette omfatta også møte med aktuelle fagsaksbehandlarar.

 

Kontaktpersonar/ansvarlege for samlinga var:

  • Johnny Loen, Møre og Romsdal fylkeskommune
  • Lisbeth Smørholm, Statens vegvesen
  • Sveinung Parr Dimmen, Fylkesmannen i Møre og Romsdal