Dispensasjon

Reglane om dispensasjon er omtala i kapittel 19 i plan- og bygningslova.

Publisert 21.09.2021, Sist endret 21.09.2021

Hovudpunkta går fram av § 19-2:

Dispensasjon er eit særskilt løyve gitt på bakgrunn av skriftleg søknad om varig eller midlertidig å kunne fråvike føresegnene i plan‐ og bygningslova.

Hovudregelen er at utbygging skal skje etter rammene i ein vedtatt plan. Tiltaket må både vere i samsvar med gjeldande arealplan og reglar gitt i lova og tilhøyrande forskrifter. Ein tiltakshavar kan søke kommunen om unntak frå planar og føresegner.

Ingen dispensasjon i strid med omsynet bak føremål eller føresegner
Det kan ikkje gjevast dispensasjon frå vedtekne planar og føresegner dersom:

  • omsynet bak føresegna det vert dispensert frå vert vesentleg sett til side
  • omsyna i føremålsparagrafen til plan- og bygningslova vert vesentleg sett til side

Fordelen må vere større en ulempene
Fordelen ved å gje dispensasjon må vere klart større enn ulempene etter ei samla kommunal vurdering.

Du kan lese meir om kommunale planverktøy og dispensasjon på Kommunal- og moderniseringsdepartementet sine nettsider.


Publisert 15.03.2017

Saksopplysningar i dispensasjonssaker

Krav til kva for saksopplysningar som må følgje dispensasjonssaker frå kommunane.


Publisert 11.12.2012

Fylkesmannen si rolle

I dispensasjonssaker som vedkjem saksområda til Fylkesmannen og andre statlege eller regionale styresmakter, skal kommunen sende saka på høyring før kommunen kan gjere vedtak om dispensasjon.