Konsekvensutgreiingar

Kommuneplanar skal alltid konsekvensutgreiiast. Alle reguleringsplanar som kan få vesentlege verknader for miljø og samfunn skal konsekvensutgreiast, jf plan- og bygningslova § 4-2.

Nokre reguleringsplanar skal alltid konsekvensutgreiiast. Andre skal vurderast opp i mot eit sett oppfangingskriteriar.

Alltid konsekvensutgreiing (§ 2)
§ 2 i KU-forskriftta omhandler dei planar og tiltak der det alltid skal gjennomførast konsekvensutgreiing.

Det er viktig å merke seg at områderegulering som fører til at nye område vert lagt ut til utbyggingsføremål utan at dette er avklart i kommuneplanen, alltid skal konsekvensutgreiast (jf plan og bygningslova §12-2)

Vurdere konsekvensutgreiing (§ 3 og § 4)
§ 3 og 4 i forskrifta omhandler dei tilfella der det skal vurderast om konsekvensutgreiing skal gjennomførast.

Ansvarleg planstyresmakt må vurdere om ein reguleringsplan skal konsekvensutgreiast før kunngjering av oppstart. Dersom planen er omfatta av § 3, må planstyresmakta vurdere planen i forhold til kriteria for konsekvensutgreiing i § 4.

  • Dersom planen utløyser KU-plikt, skal planprogrammet for konsekvensutgreiinga følgje oppstartsmeldinga.
  • Dersom planen vert vurdert til å ikkje vera KU-pliktig, skal det gå fram av oppstartsmeldinga.

Vi gjer særleg merksam på at all detaljregulering som inneber endring av kommuneplan eller områderegulering skal vurderast opp mot kriteria i § 4.

Rettlaiarar om konsekvensutgreiing ligg på Kommunal- og moderniseringsdepartementet sine sider planlegging.no.