Planlegging og arealforvaltning

Det er i utgangspunktet kommunen sjølv som avgjer korleis areala skal brukast, så lenge arealbruken er innanfor rammene av nasjonal politikk. Fylkesmannen er fagstyresmakt innan landbruk, miljøvern, helse og samfunnstryggleik, og skal syte for at nasjonale interesser blir sikra. I tillegg skal vi sjå til at kommunale vedtak i plan- og byggjesaker er i samsvar med gjeldande lovverk.

Nasjonale retningslinjer må følgjast

Stortinget og regjeringa gir retningslinjer og rammer som kommunane skal leggje til grunn i arealforvaltninga. Fylkesmannen skal sørgje for at kommunane sikrar nasjonale interesser innanfor miljøvern, landbruk, helse og samfunnstryggleik. Vi skal også sjå til at planlegginga er i tråd med interessene til barn og unge. Dersom den kommunale arealforvaltninga er i strid med nasjonale interesser, skal Fylkesmannen gripe inn.

Fylkesmannen kan gripe inn ved å varsle eller fremme motsegn til arealplanar eller klage på vedtak i byggjesaker (dispensasjonsvedtak) som er i strid med arealplanen. Dersom kommunen vel ikkje å ta omsyn til motsegna, går saka til mekling mellom partane. Om meklinga ikkje fører fram, kan kommunen be om at saka blir send til Kommunal- og moderniseringsdepartementet for endeleg avgjerd.

Fylkesmannen er klageinstans

Dei som blir påverka av kommunale vedtak i reguleringsplanar og byggjesaker, og av vedtak etter jordlova, konsesjonslova og odelslova, kan klage til Fylkesmannen. Fylkesmannen behandlar også klagesaker etter matrikkellova, eigarseksjonslova, veglova, tomtefestelova og lov om kommunal forkjøpsrett. Fylkesmannen er i tillegg klageinstans i saker der det offentlege overtek privat eigedom etter plan- og bygningslova (ekspropriasjon). Denne typen klager blir først behandla av kommunen. Dersom kommunen ikkje gir klagaren medhald, sender kommunen klagen til Fylkesmannen for endeleg avgjerd. 

Vis meir


16.05.2019

Nye nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging 2019 - 2023

Regjeringa har lagt fram nye nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging for perioden 2019 – 2023, vedtatt ved kongeleg resolusjon 14.05.2019

05.10.2018

Samling for barne- og ungdomsrepresentantar i kommunane

Fylkesmannen i Møre og Romsdal og Møre og Romsdal fylkeskommune inviterte barne- og ungdomsrepresentantane frå alle kommunane i fylket til ei regional to-dagars samling i Molde i slutten av september.

19.03.2018

Leikeplassar - Fylkesmannen sine råd i plansaker

Planlegging av gode og trygge oppvekstmiljø for barn og unge er ei viktig kommunal oppgåve.  Tilrettelegging i nærmiljøet bidrar gjerne til betre helse, trivsel og oppvekst.

02.02.2018

Felles introduksjonsdag for nye planleggarar i kommunane

Torsdag 1. februar samla Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Møre og Romsdal fylkeskommune og Statens vegvesen, nye planleggarar i kommunane til ein felles informasjonsdag knytt til kommunal planlegging.

03.02.2017

Hareid kommune med eigen informasjonsvideo om kommunal planlegging

Hareid kommune har starta arbeidet med revisjon av kommuneplanens arealdel. Det er lagt opp til  ein open og inkluderande planprosess med vekt på deltaking og medverknad.

19.10.2016

Presentasjonar frå regional plankonferanse 17.-18. oktober 2016

17. og 18. oktober 2016 arrangerte Fylkesmannen i Møre og Romsdal og Møre og Romsdal fylkeskommune, regional plankonferanse på Quality hotel Alexandra i Molde.  Det var nærare 130 personar tilstades på dei to dagane.

13.11.2014

Plankonferansen 2014 – presentasjon av dei faglege innlegga

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har i samarbeid med Møre og Romsdal fylkeskommune og KS gjennomført ein tre-dagars felles konferanse om planlegging, bumiljø og folkehelse.