H.M. Kong Harald besøker Fosnavåg

H.M. Kong Harald vil vere til stades under opninga av verdas første fungerande bølgekraftanlegg i Fosnavåg 21. september 2017.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 04.09.2017

Offentleg program for dagen vert lagt ut når dette er klart.

Akkreditering

Presse som ønskjer å dekke Kongen sitt besøk i Fosnavåg, må søke om akkreditering innan mandag 18. september kl. 14:00, ved å fylle ut skjemaet under. Akkreditert presse vil få tilsendt eit eige presseprogram for dagen.