Fylkesmannen i Møre og Romsdal blir som i dag

Kongen i statsråd har 10. mars 2017 behandla "Kongelig resolusjon om fylkesmannens fremtidige struktur".

- Eg er glad for at Fylkesmannen i Møre og Romsdal får bestå som eige embete. Likevel gir det oss nokre utfordringar når det skjer så store endringar rundt oss, og det er derfor viktig at vi no nyttar høve til å bygge eit sterkt Møre og Romsdal i lag med andre aktørar, seier Fylkesmann Lodve Solholm. 

Det er beslutta fire nye samanslåingar av embeta frå 1. januar 2019:

  • fylkesmannsembeta i Hordaland og Sogn og Fjordane slås saman til eitt embete
  • fylkesmannsembeta i Oslo og Akershus, Østfold og Buskerud slås saman til eitt embete
  • fylkesmannsembeta i Oppland og Hedmark slås saman til eitt embete
  • fylkesmannsembeta i Telemark og Vestfold slås saman til eitt embete

Dette gir ein struktur med 11 fylkesmannsembete som er samanfallande med ny inndeling av det folkevalgte regionale organet. 

 

Uavklart i dei tre nordligste fylka

Embeta i Møre og Romsdal og Rogaland blir som i dag. I dei tre nordlegaste embeta (Nordland, Troms og Finnmark) blir det ikkje gjort noko no. Der kan det bli aktuelt med ei endring når utgreiinga av regionstrukturen i nord er klar, seinast våren 2018.