Foreløpig resultat frå innbyggarundersøkingane

Fylkesmannen har i dag motteke eit foreløpig resultat på innbyggarundersøkingane som er gjennomført i samband med grensejusteringssøknader i Møre og Romsdal.

Innbyggarane i dei 5 områda fekk følgande spørsmål:

Kva kommune meiner du at du vil høyre til i framtida?

  1. Bli i kommunen du høyrer til i dag
  2. Overflytting til kommunen det søkast overflytting til
  3. Veit ikkje

 

Søknad
frå - til

Kommune

1. 

2. 

3. 

Svarprosent

Bli i eigen kommune

Overflytting

Veit ikkje

Bygdene Angvik, Flemma, Fagerlia og Heggem/Øye i Gjemnes kommune søker til nye Molde kommune

GJEMNES

35%

57%

7%

80%

Bygdene Norddal og Eidsdal i Norddal kommune søker til Stranda kommune

NORDDAL

(nye FJORD frå 01.01. 2020)

27%

57%

17%

76%

Bygda Liabygda i Stranda kommune har Kommunal- og moderniserings-departementet bedt om utgreiing til nye Fjord kommune

STRANDA

69%

26%

5%

74%

Bygdene Bjørke og Viddal i Ørsta kommune søker til nye Volda kommune

ØRSTA

54%

42%

3%

89%

Øyane Sandøy, Ona, Orten, Lyngværet, Seterøya og Gåsøya i Sandøy kommune søker til Aukra kommune

SANDØY

(nye Ålesund frå 01.01. 2020)

14%

84%

2%

91%


Endeleg sluttrapport frå Opinion kjem i veke 6, då vil ein få dei endelege resultata med forklaringar. Vi offentleggjer dei foreløpige resultata på bakgrunn av førespurnad frå kommunane.

Opinion, som er ansvarleg for sjølve undersøkinga, melder at det er lite truleg at hovudfunna som blir presentert i veke 6 vil vere vesentleg forskjellig frå det foreløpige resultatet.

Fylkesmannen har oppfordra innbyggarane til å delta i undersøkinga og vi er svært nøgd med svarprosenten.

Kommunane har frist til 1. mars til å kome med sine høyringssvar.