Satsar på berekraft og helse

Helseplattformar, arbeid for berekraftsfylket og ungt entreprenørskap er kommunale tiltak som Fylkesmannen i Møre og Romsdal deler ut ekstra midlar til i 2021.  

Kvart år deler Fylkesmannen i Møre og Romsdal ut statlege pengar (skjønnsmidlar) som er satt av til fornyings- og innovasjonsprosjekt i kommunane.

Styrke kommunanes tilbod

– Målet er at kommunane skal få pengar til å prøve ut nye løysningar som skal styrke kommunens tilbod til innbyggjarane, fortel fylkesmann Rigmor Brøste.  

Prosjekta kan vere nyskapande innan ulike deler av kommunanes arbeid. Fylkesmannen inviterte kommunane til å søke om midlar i mars i år. Det kom inn 34 søknadar på til saman 31,7 millionar kronar. Det vart tildelt til saman 11,45 millionar. ­

Fire satsingsområde

– I år hadde vi fire satsingsområde for tildelingane: Berekraftsfylket Møre og Romsdal, klima og omstilling, digital forvaltning og ungt entreprenørskap. Vi ønskjer å prioritere prosjekt som alle kommunane kan bli med i. Det berer tildelinga preg av, fortel Brøste.

Det er helseplattformar og prosjekt for berekraftsfylket som får størst tildelingar.  

Helseplattform

5,8 millionar går til arbeidet med å utvikle ein ny digital helseplattform for kommunane i Møre og Romsdal. Dette skjer i tett samarbeid med kommunane i Trøndelag og Helse Midt. Av praktiske årsaker er det kommunane Herøy, Kristiansund, Molde og Ålesund som har fått tildelt midlar. Desse finansierer prosjektstillingar som jobbar for alle kommunane i regionen. ­

– Helseplattforma skal innføre ein ny elektronisk pasientjournal ved sjukehus, hos kommunar og fastlegar i vår region. Framtidas journal skal gi meir tid til god og sikker pasientbehandling. Med ei felles løysing som kan følge pasienten i alle møte med helsetenestene er det mogleg med godt samarbeid til pasientens beste, fortel Brøste.

Berekraftsfylket Møre og Romsdal

Både Kristiansund, Molde og Ålesund får midlar til prosjekt innan berekraftsfylket Møre og Romsdal.

– Møre og Romsdal ønsker å ta ei tydeleg rolle i å utvikle eit berekraftig samfunn for framtida, forankra i FN sine 17 berekraftsmål. Vi skal jobbe for å bli berekraftfylke nummer ein i Noreg. Fylkesmannen og fylkeskommunen i Møre og Romsdal gjer dette i lag gjennom satsinga «Samarbeidsfylket Møre og Romsdal 2025». Byane i fylket har ei nøkkelrolle i denne satsinga, seier Brøste.

Det er stilt krav om at midlane bykommunane får skal finansiere prosjektstillingar som skal arbeide for alle kommunane i omlandet til byane. Av praktiske årsaker  må tilskotet betalast ut til ein vertskommune.

Andre prosjekt

Prosjekter innan ungt entreprenørskap i Fjord, Ulstein og Ørsta får også utdelt skjønnsmidlar.

– Fylkesmannen oppmodar alle kommunar til å ta inn «Ungt Entreprenørskap»-programmet i grunnskolen. Møre og Romsdal trenger fleire grundere i framtida, og vi bør starte tidleg med å lære opp og vise moglegheiter for neste generasjon, seier Brøste.  

Innanfor temaet digitalisering får Volda støtte til å arbeide med automatisering og robotisering i kommunane på søre sunnmøre. I Ulstein får forprosjektet «Smartbygg» midlar, og Hustadvika får midlar til prosjektet «Fyrtårn bærekraftig matproduksjon». 

Om skjønnsmidlar

Kvart år får kommunane faste inntekter og tilskot frå staten. I statsbudsjettet settast det i tillegg av en ekstra sum med pengar til kvart fylke – dette blir kalla «skjønnsmidlar». Det er Fylkesmennene som deler ut skjønnsmidlane.

Formålet med skjønnsmidlane er å fange opp forhold som ikkje blir godt nok ivaretatt gjennom dei faste tilskotsordningane. Skjønnsmidlane skal være til fornying og utvikling av kommunane.

Ein del av skjønnsmidlane skal gå til fornyings- og innovasjonsprosjekt i kommunane, såkalla prosjektskjønnsmidlar. Disse midlane kan kommunane søkje om særskilt. Dei siste åra har tildeling av prosjektskjønn i Møre og Romsdal, dreidd frå små einskilde prosjekt, til å gjelde utviklingsprosjekt som omfattar alle våre 26 kommunar.