Klimasnu

Eit av satsingsområda til Fylkesmannen i Møre og Romsdal dei komande åra er klimaomstilling. Satsinga har fått namnet Klimasnu.

Klimaendringane er ei av dei største utfordringane vi står ovanfor, og Fylkesmannen skal medverke til gjennomføring av den nasjonale klima- og miljøpolitikken.

I tråd med visjonen vår - ei trygg framtid for folk og natur, skal vi arbeide for å bidra til reduserte klimagassutslepp i fylket. Vi skal også bidra til at samfunnet blir godt budd på, og blir tilpassa eit klima i endring.

Satsinga Klimasnu skal

  • vere ein regional pådrivar for klimagassreduksjon og klimatilpassing
  • styrke klimakompetansen, både internt i embetet, ute i kommunane og ved andre sentrale aktørar
  • utvikle fylket i ei klimavennleg retning for å nå lågutsleppssamfunnet
  • sørge for at Møre og Romsdal er klar til å takle klimaendringane som kjem

Satsinga er forankra i Fylkesmannen i Møre og Romsdal sin strategiplan for perioden 2020-2023.

Klimaomstilling

Med klimaomstilling meiner vi både endringar i samfunnet som gjer det mogleg å redusere klimagassutslepp og endringar som bidrar til at samfunnet er godt budd på og tilpassa eit klima i endring. 

 

KLIMAGASSREDUKSJON

For å bremse den globale temperaturstiginga i tråd med Parisavtalen må store kutt i utsleppa på plass innan 2030. Det er behov for ei stor omstilling av samfunnet i Noreg, òg i Møre og Romsdal. Får å få til dette, må det settast inn tiltak og verkemiddel for å redusere utsleppa, men òg for å auke opptak av klimagassar.

 

KLIMASTILPASSING

Klimatilpassing inneber å tilpasse seg eit klima i endring. Både for å hindre eller redusere skade, men òg for å utnytte moglegheitene som endringane kan føre med seg. Å ta omsyn til eit klima i endring er naudsynt for å gjere samfunnet meir motstandsdyktig – i dag og i framtida.