Viktig avgjerd for villreinen

Miljøvernministeren gjorde 4 mars 2009 endeleg vedtak i ein reguleringssak i Torbudalen i Sunndal. Det vert ikkje opna for nye hytter i dette området. Med denne avgjerda er det sett ein standard for prioritering av villreininteressene.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 10.03.2009

Sunndal kommune varsla hausten 2006 oppstart av reguleringsprosess for to hyttefelt i Torbudalen; Langvatnet og Torbuvatnet. Det er frå tidlegare ei rekkje hytter i desse to felta, som dels var underlagt ein eldre reguleringsplan (Langvatnet), dels ikkje (Torbuvatnet). Det spesielle for desse to hytteområda er at dei ligg som ”øyar” i eit større område som i 2002 vart verna etter naturvernlova og viltlova. Verneføremålet er å ivareta økosystemet i høgfjellet generelt og villreinen spesielt.

Allereie i mai 2005 var det felles synfaring i området, og både kommunen og fylket var samd i at det var behov for ein oppgradert styrings­reiskap. I tillegg var det frå grunneigar, hytteeigarar og kommune ytra ønske om å innpasse 10-20 nye hytter, samt om å auke rammene for hyttestorleik. I fråsegna til oppstartmeldinga signaliserte fylket at vesentlege utvidingar ville bli møtt med motsegn og grunnga dette i omsynet til villreinen. 

Motsegn frå Møre og Romsdal fylke var også resultatet då planen vart lagt til offentleg ettersyn. Her var forslått 11 nye hytter og ei arealgrense på 100 kvm (ein auke frå 80 kvm i reguleringsplan Langvatnet). Kommunen ba etter dette om eit meklingsmøte, og dette fann stad 1 juni 2007. I meklinga stod fylket fast på ei arealgrense på 80 kvm, men aksepterte eit lite tal nye hytter (<10). Meklingsresultatet vart ikkje akseptert i Sunndal kommunestyre. I januar 2008 gikk saka dermed til Miljøverndepartementet, som no har gjort slikt vedtak:
 
”Miljøverndepartementet tek til følgje motsegn frå Møre og Romsdal fylke til reguleringsplanar for hyttefelta Langvatnet og Torbuvatnet i Sunndal kommune. Det vil vera i strid med nasjonale villreininteresser å opne for utvida kapasitet i desse to hytteområda, som er omgjevne av biotopvernområde for villrein. Nye byggjeområde for hytter vert tekne ut og planføresegnene endra slik at hyttestorleiken ikkje kan aukast utover dagens nivå på 80 kvm”.